Søk i denne bloggen

tirsdag 29. november 2016

Leserefleksjonar #12: Kalde november

November var: Stort sett iskald på Jæren med temperaturer ned i -8. For ein allerede frossen sjel er det ganske kaldt! Med ny leilighet slipper eg billig unna sykling og den eine gongen eg sykla heim til foreldrene mine køyrte far meg tilbake til leiligheten. Første helga i november var eg heima hjå foreldrene mine då dei var i Oslo og broren min ikkje ville vera heime aleine. Dewey's lesemaraton gjekk av stabelen den helga, og sjølv om eg les masse i The Shadow Sister vart ingenting loggført i maratonet. Elles av kjekke ting har eg vore på kino og sett Snekker Andersen og Julenissen, og truffe Michael Andreassen frå P4 på signeringsferd.

30-årsdagen min vart feira med brask og bram forrige helg, og i går vart det feiring i barnehagen der de hadde hengt opp flagg, laga bursdagsplakat til meg og fekk masse klemmer frå store og små. Eg har i eit heilt år grua meg til 30-årsdagen fordi tanken på eit nytt tal i alderen min syns eg ikkje noko om. Måndagen kom og måndagen gjekk, og det var ikkje så galt likevel. Eg som har som mål å bli 100 år kan ikkje halde på slik og surmule kvar gong eg får eit nytt tal ;-)

I november las eg: 10 bøker er ført opp på lista, og det er meget bra. Leselysta peiker kun ein veg for tida, men det er Agatha Christie som trekker mest. Storytel har dei fleste lydbøkene lest inn på engelsk, og eg er nesten ferdig med Miss Marple.

I november kjøpte eg: Altfor mange bøker til at eg gidder å telje. Eg trur eg tok med meg nærmare 50 bøker frå biblioteksal, men når bøkene koster mellom 5,- og 20,- så er det på sin plass å hjelpe biblioteket å få vekk litt. Eg fant blant anna Anne frå Bjørkely i norsk oversettelse, og viss eg ikkje tar heilt feil så er det dei same bøkene eg lånte då eg las Anne første gong på vgs.

Månadens store leseoppleving: Delt mellom Lucinda Rileys The Shadow Sister og Marie-Sabine Rogers Å telle duer då begge handler i større eller mindre grad om kjærleiken til bøker og det å lese bøker.

Månadens lesesirkler/utfordringar: Eg har kasta alt av lesesirkler og utfordringar på båten i november, og har ikkje fullført noko som passer her.

På desembers leseliste står det: Ei bunke med julehistorier, gjenlesing av A Christmas Carol og ellers alt som faller meg inn.

Marianne med ebokhyllami vil i adventstida gi bort eit Adlibris Letto Frontlight. Les meir ved å gå inn på denne linken: http://ebokhyllami.blogspot.no/2016/11/gratis-lesebrett-fr-jul-adlibris-letto.html

Kva har du lest og opplevd i november?

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar