Søk i denne bloggen

tirsdag 31. januar 2017

Leserefleksjoner #15: Januar

Kjelde: Pinterest
Januar var: Ein fin start på eit nytt år, og som i mange år tidlegare vart 1. januar feira med min familie ein god nabofamilie. Julepynten måkte eg ut når nyttårsrakettane brakte som mest, så 2. januar var eg klar for kvardag. Månaden har vore mykje jobb, men første søndag i januar var eg og mor på rådhuset på nyttårskonsert med Klepp hornmusikk og Trine Rein. Både orkester og syngedame var i storslag, og det vart gåsehudstemning fleire gonger. Eg har vore i bursdag til ei tante, gått ein del tur (innimellom regnbøyene), vore på personalfest med jobben (arrangert den og forsåvidt) og laurdag som var åt eg taco hjå ein nesten 8-åring eg har hatt på jobb. Når ein snart har bursdag må ein ha med pakke (syns i alle fall eg) og sjølvsagt går denne bokbloggeren i bokhandelen og handler. Boka falt i smak! (Om du lurer var det ei av bøkene i Detektivbyrå-serien til Jørn Lier Horst.)

I januar las eg: Ein heil del - Agatha Christie og Astrid Lindgren har flest titler. Førstnemnte trenger eg ein pause frå, men Lindgren held eg fram med. Seinare i veka kjem anmeldelse av Madicken  som eg likte mykje betre enn Karlsson (det skal ikkje så mykje til). Dei følgande har eg lest:

  • Christie: Den åpne graven (Poirot #2)
  • Christie: Det egyptiske gravkammeret (Poirot #3)
  • Christie: Doktoren mister en pasient (Poirot #4)
  • Lindgren: Lillebror og Karlsson på taket (Karlsson på taket #1)
  • Lindgren: Karlsson på taket flyr igjen (Karlsson på taket #2)
  • Snicket: The Bad Beginning (A Series of Unfortunate Events #1)
  • Breen og Jordahl (ill.): 60 damer du skulle ha møtt
  • Christie: The Big Four (Poirot #5)
  • Lindgren: Karlsson på taket spøker igjen (Karlsson på taket #3)
  • Lindgren: Madicken (Madicken #1)
  • Lindgren: Madicken og Junibakkens Pims (Madicken #2)
  • Rowling: Fantastic Beasts and Where to Find Them - The Original Screenplay

I januar kjøpte eg: Ingenting som eg husker. Eg har slutta å notere kva eg kjøper, men utanom bøkene i bokboksen har eg ikkje kjøpt anna enn bursdagspresang til 8-åringen.

Månadens store leseoppleving: Eg må trekke fram jokeren til bokbloggerprisen 2017 60 damer du skulle ha møtt. Den burde vore pensum på landets skuler, og fleire burde lese den. Meget god introduksjon til ein gjeng med sterke og modige damer.

Månadens lesesirkler/utfordringer: Eg har lest to bøker ut av mi bokhylle, januarboka til Hedda er blogga om, og fem bøker frå Astrid Lindgren.

I februar skal eg: I Sandnes Kulturhus og sjå Riksteaterets oppsetning av Heia Flåklypa, eg skal lese ei bok originalt skrevet på engelsk frå bokhylla, lese meir Astrid Lindgren, sjå Oscar-utdeling og elles det som faller meg inn av bøker og opplevingar.

Kva har du lest og opplevd i januar?

XOXO

4 kommentarer:

  1. Madicken! <3

    Jeg ble oppriktig lykkelig tidligere i dag da jeg så at det lokale biblioteket viser Junibakken-filmen på søndag. Nå gjenstår det bare å tvinge med meg en eller annen random kid slik at jeg har unnskyldning til å sitte på gulvet sammen med alle barnehageungene og le av verdens beste Marikken som hopper med paraply fra taket, putter erter i søstras nese og whatnot. Yay!

    SvarSlett
    Svar
    1. Innlegg om Madicken kjem i løpet av veka, Eli :-)

      Du kan alltid sitte bakerst og late som om du har ein kid i mølja på golvet ;-)

      Slett
  2. Så gøy å se at du er godt i gang med prosjektet ditt! Herlig med litt kulturell oppdatering også, da føler jeg at jeg kjenner deg enda litt bedre :)

    SvarSlett