Søk i denne bloggen

torsdag 6. juli 2017

Bok: "Tørke" (Aaron Falk #1)

Forfatter: Jane Harper
Originaltittel: The Dry, omsett av Tore Aurstad
Utgitt: 2016
Min utgåve: 2017
Format: Innbundet, 384 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den britiske forfatteren Jane Harper er fødd i Storbritannia, men har bodd store deler av livet i Australia. Harper har jobba som journalist i mange år. I 2015 mottok ho ein pris for upubliserte manuskript for romanen Tørke, og romanen har hausta lovord lenge før den vart publisert. Neste bok er under planlegging, og eg venter spent på meir frå Australia og politimannen Aaron Falk.

Handlingen i Tørke foregår i småbyen Kiewarra i Australia der tørken har regjert dei siste to åra. Innbyggarane er for det meste bønder som desperat trenger regn til dyr og avlingar, og spenningen blant folk er til å ta og føle på. Mange har sett seg nødt til å flytte, og handlegata ser meir og meir ut som ein spøkelsesby. Då tre medlemmer i ein vel ansett familie blir funnet brutalt myrda kjem den utflytta politimannen Aaron Falk tilbake for å delta i begravelsen. Den avdøde familiefaren, Luke, var ein barndomsvenn av Aaron, men hjemkomsten blir ikkje av det muntre slaget. 20 år tidlegare vart Aaron og faren kjeppjaga frå byen, og gamle hemmeligheter er på veg opp i lyset.

Politimannen, som arbeider i økokrimavdelinga i Melbourne, blir bedt om å hjelpe til med etterforskninga. Det blir ein kamp mot både innbyggarane, hemmeligheter og klokka etterkvart som etterforskninga skrider fram. Var Luke Hadler så desperat at han drepte seg sjølv, kona og den vesle sonen, eller ligger det noko anna bak? Jane Harper gjer ein glitrande debut som krimforfatter, og det er som om du kan kjenne smaken av støv i munnen.

Eg trur det var Elin/Bokelskerinnen som skreiv om denne første gongen eg høyrte om den, og plutseleg eksploderte det og eg las om den over alt. Det er ikkje ofte eg kjøper innbundne bøker om dagen, men når du ikkje få ei bok ut av hovudet på dagevis er det bare å springe til bokhandelen. Eg har lest mykje frå Australia, og det er eit land som fascinerer meg, men det er lenge sidan eg har lest ein sidevender av dette slaget. Leselysten min har vore ikkje-eksisterande lenge, men Tørke har så absolutt bidratt til å knekke vekk litt av det verste. Sidene flyr avgårde, og ein må halde tunga beint i munnen for å halde styr på alle hemmelighetane. Først på slutten får du svaret på den største, og den er vond å svelge. Eg hadde eit bittelite mikroskopisk håp om at det kunne ende betre enn det gjorde, men dengang ei. Neste bok om Aaron Falk kjem i oktober kan eg lese på Goodreads, og eg håper den blir kjapt omsett. Varmt anbefalt!

XOXO

Som ei førebuing til Man Booker Prize i juli prøver eg å få med meg bøker på Goodreads Eligible-liste (ekstern lenke). Tørke er ei av dei mange bøkene som kan hamne på den gjeve lista.

2 kommentarer:

  1. Kult, denne må jeg lese :-) Når du skriver så positivt om en krim er jeg helt sikker på at jeg kommer til å like den.
    Jeg kommer ikke på at jeg har lest krim fra Australia før, men du vet den hukommelsen er ikke alltid på topp.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ikkje krim eg heller har lest frå Australia - meir drama/romanse frå mors bokhyller :-) Eg trur du kjem til å like denne, Astrid, den var i alle fall akkurat det eg trengte.

      Slett