Søk i denne bloggen

fredag 11. august 2017

Bokbloggertreff 2017

Ei veke på jobb etter ferie, og det var ganske greit å finne rutinene igjen. Slutt på å sove til 0830 kvar dag (med få unntak), sitte oppe lenge med bøker og generelt gjer ingenting. Sommaren er ikkje heilt over (august er framleis sommarmånad), men med haustbøker som detter ned i postkassen, seinare lyst om morgonen og tidlegare om kvelden og færre repriser på TV så seier det seg sjølv at sommaren er på hell!

Haust bringer dette året med seg to ting som eg gler meg veldig til. I oktober skal eg og mor til Oslo og sjå Les Miserables på Folketeateret, og me gler oss begge stort. Dette har me snakka om sidan eg såg reklamen første gong, og det er ei god stund sidan. For eit par år sidan satte Sandnes Kulturhus opp musikalen saman med Stavanger konserthus og Festiviteten i Haugesund, så eg er spent på korleis det blir gjort på Folketeateret. Ikkje minst i forhold til størrelsen på scenen!

Det eg og gler meg til er bokbloggertreffet 16. september! Eg har vore med alle år, og det er noko eg ser fram til kvart år, og kvart år er helga nesten over før den har begynt. Det som slår meg som litt rart dog er at med så mange medlemmer i bloggruppa på Facebook er det skremmande få deltakere på treff. Eg innrømmer glatt at eg er ikkje flink til å ønske nye bloggere velkommen til bloggosfæren, men eg håper at fleire ønsker å delta.

Treffet er som sagt 16. september på Litteraturhuset i Oslo. Om du har spørsmål eller ønsker å melde deg på send ein mail til siljeblomst (a) gmail dot com så svarer ho på spørsmål. Påmelding er bindande og koster 200,- Kom kom, ingen av oss biter, me er generelt hyggelige, og det blir garantert lattermildt!

Ha ei fin helg!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar