Søk i denne bloggen

onsdag 2. august 2017

Booker-longlist: "History of Wolves"

Forfatter: Emily Fridlund
Utgitt: 2017
Format: Kindle, 288 sider
Forlag: Weidenfeld & Nicolson, Atlantic Monthly Press

Den amerikanske forfatteren Emily Fridlund er eit relativt ubeskrevet blad i litteraturen, men debutromanen History of Wolves vart nominert til Man Booker Prize forrige månad. Seinare i år kjem det ein samling noveller ført i hennar penn. Fridlund har ein doktorgrad i litteratur og kreativ skriving frå California, og eg trur me kjem til å høyre mykje frå denne kanten.
"So," she said. "Janet stayed all night." "Janet?" "Rochester's name for Jane Eyre. She was a governess, too. Like you." She brushed some hair out of her face. "You're both governesses." (Når forfatteren har lest yndlingsboka di.)
I History of Wolves møter me fjortenårige Linda som bur saman med mor og far i eit forlatt kollektiv i skogene i Minnesota. Linda har ikkje mange venner, og er for det meste oversett av foreldra som har sine eigne prosjekt. Ho tilbringer mykje tid med hundene, før ho ein dag møter dei nye naboane. Patra og sonen Paul på fire år flytter inn i huset på andre sida av elva, og Linda blir den mykje brukte barnevakten til Paul. Patra retter tekstane til mannen Leo som arbeider ved eit universitet, og er nok like ensom som Linda. Historien er ikkje rett fram, den er meir svingete, og det første du får høyre om er korleis tanken på Paul plutselig flytter inn.
It's not that I never think about Paul. He comes to me occasionally before I'm fully awake, though I almost never remember what he said, or what I didn't do to him. 
Linda tenker tilbake på fireåringen, på då ho passa på han, og kva som skjedde då han vart sjuk og den påfølgande rettssaken. Samstundes får me høyra om læraren Mr Grierson, klassekameratane som ikkje liker Linda, om foreldra og den totale ensomheten som preger romanen. Me får og glimt in i framtida; då Linda flytter ut og ikkje snakker med foreldra på fleire år, om det fysiske forholdet til typen og om kontakten med Mr Grierson i ettertid. Det er ingen enkel roman, og den er heller ikkje enkel å lese og forstå. Det er ein sårbar historie om ei jente som vil passe inn og vere som dei andre, men ikkje har muligheter eller kunnskap om korleis det skal gå til.

Emily Fridlund har skrevet ein meget god oppvekstroman som ikkje tar så altfor lang tid å lese, men som sitter igjen lenge etterpå. Dette innlegget har eg tenkt på i to dager, og eg veit framleis ikkje om eg klarer å formidle kva som er så bra med romanen. Språket er nydeleg, stemninga er til og ta og føle på, eg blir oppgitt på Lindas vegne og syns til tider så synd på ho. Samstundes bryr ho seg så lite at eg blir oppgitt over det og. Det er heile tida noko som drar meg vidare, som trigger nysgjerrigheten til å ville vite meir. Håper fleire les denne romanen for nokon må forklare meininga med den.

XOXO

8 kommentarer:

  1. Denne hørtes veldig interessant ut! Kanskje det blir den første Booker-boka :)

    SvarSlett
  2. Leste den omtalen litt sånn med halvveis lukkede øyne, fordi jeg jo har tenkt å lese boka selv snart. Syns den høres lovende ut, men håper noen andre tar på seg oppdraget med å forklare meninga ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg forstår den ikkje heilt, sjølv om eg syns den er nydelig sårbar. Les les, for eg må ha fleire synspunkter om den :-)

      Slett
  3. Høres veldig lovende ut, tenker jeg må få lest denne om ikke så altfor lenge. Planen er å lese ferdig Elmet og deretter lese Reservoir 13 (samtidig som jeg holder på med 4 3 2 1, men det kommer til å ta litt tid). Etter det får jeg se om det blir Barry, Whitehead eller Fridlund.

    Minnesota - er forfatteren derfra også? Norske aner?

    SvarSlett
    Svar
    1. Planen min er å lese ferdig Saunders, også må eg sjå kva eg er i humør til. Eg får Auster i posten på norsk når den kjem inn på lager, så venter med den til dess.

      Forfatteren er frå Minnesota, men eg finner ingenting verken i intervjuer eller andre kjelder på det noko norske etternamnet. Reagerte og på namnet då eg først høyrte det.

      Slett
  4. Denne står i grunn høyt på min liste, men får se hva jeg rekker. Høres ut som en interessant bok å diskutere. Det går foreløpig tregt med lesingen og nå er ferien over. Jeg har økt opp antall bøker jeg har lest fra langlisten hvert år, og denne langlisten frister veldig. Forutsigbar liste kanskje, men det at flere bøker allerede var på radaren, og jeg ikke har lest noe av forfatterne før, gjør den attraktiv for min del:-) Skal ellers også lese ferdig Saunders etter en pause og satser på å begynne på Autumn som neste.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur og det er ei interessant bok å diskutere, og vil gjerne ha fleire med på laget. Denne langlista er attraktiv både fordi bøkene er lett tilgjengelige, men og fordi det er mykje spennande å lese om.

      Eg har ferie ut veka, og bruker nå tid på Sebastian Barry :-)

      Slett