Søk i denne bloggen

torsdag 31. august 2017

Leserefleksjonar #22 | August i bøker

August var: Avslappande, men samstundes travel. Oppstart på jobb igjen med alt det medfører, og det er ikkje få kvelder eg nesten sovner på sofaen før 21 nyhetene. Veret er meget av og på, med strålande sol den eine dagen så ungane springer i t-skjorte til øs pøs regnvær neste dag. Dei sisnemnte dagane går det med mykje skift på ungane kan du tru.

I august las eg: Eg trudde ikkje eg hadde fått lest så mykje i august for det krever sin kvinne å ha energi om kvelden til å plukke opp ei bok etter endt arbeidsdag. Likevel ender eg på 11 bøker, og det er eit meget godt tal for den siste sommarmånaden.
  • Agatha Christie: The ABC Murders (Poirot #13)
  • George Saunders: Lincoln in the Bardo MBP
  • Helga Flatland: En moderne familie OTS
  • Agatha Christie: Murder in Mesopotamia (Poirot #14) OTS
  • Ali Smith: Autumn (Seasonal #1) OTS MBP
  • Lucinda Riley: Kjærlighetsbrevet
  • Raina Telgemeier: Mary Anne Saves the Day (BSC #3)
  • Raina Telgemeier: Claudia and Mean Janine (BSC #4)
  • Sebastian Barry: Days Without End OTS MBP
  • Jørn Lier Horst: Katharina-koden (WW #12) OTS
  • Agatha Christie: Cards on the Table (HP #15) OTS

I august kjøpte eg: Bokboksen frå SolumBokvennen kom inn døra med fem tynne (for ein gongs skuld) bøker. Eg har kjøpt Jørn Lier Horsts nyaste krim, og elles har eg mottatt litt forskjellig frå ulike forlag.

Månadens store leseoppleving: Her ville eg skriva Lucinda Riley, men dengang ei. Omskrivinga av Kjærlighetsbrevet rekker ikkje dagens Riley-bøker til knærne ein gong, og det er litt synd. Samstundes veit eg ikkje om så mange andre som tenker slik for bøkene selger som hakka møkk uansett. Helga Flatland kom ut med ny bok i slutten av juli, og den anbefaler eg i hytt og vær.

I september skal eg: Lese meir fram mot shortlist 13. september før eg inntar Oslo for bokbloggertreff 16. september. Det ser eg veldig fram til!

Kva har du lest og opplevd i august?

XOXO

4 kommentarer:

  1. Det er godt å høre at det er flere som jobber i bhg som er sliten om kveldene, skal si det tar på med nytt barnehageår! Du har no fått lest litt da. Er nok enig med deg om Lucinda Riley, likte ikke hennes forrige (utenom serien) men har nok fått denne nye i hus, så nå trenger jeg et spark bak for å begynne på den.
    Lykke til med lesemåneden september!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har igrunnen likt dei fleste utanom denne aller nyeste frå Lucinda Riley så det var litt skuffende. Det er nok bare min feil for eg sitter med heile kongerekka i England i hodet og veit at historien ikkje held mål. Som med Stormens søster klarer eg ikkje å legge frå meg den faktiske historien.

      Slett
  2. Elleve bøker er strålende! Jeg har kun vært på jobb åtte dager i august, men har likevel ikke klart å lese mer enn åtte bøker. Respektabelt nok, men da er elleve meget bra med jobb og alt..

    Hva var månedens dårligste leseropplevelse? Ikke lenge igjen til treffet nå, det blir spennende å lese rapporter fra årets treff, det blir jo litt annerledes enn tidligere treff. Virker kjekt med en hel helg med treff.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker! Eg er litt halvfornøgd med det meste eg har lest, men Lucinda Riley var ein gedigen skuffelse denne gongen. Ho er av dei få dameromanforfatterne eg leser og då har eg litt høge forventninger.

      Eg ser veldig fram til treffet, og for meg er bokbloggerprisen absolutt ikkje det viktigaste - det er heller folka som kommer. Men det kan bli spennande med eit annleis treff :-)

      Slett