Søk i denne bloggen

onsdag 4. oktober 2017

Bok: "Øverst på nazistenes liste"

Forfatter: Arne Vestbø (f. 1978)
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2017
Format: Heftet, 144 sider
Forlag: Spartacus

Den norske forfatteren Arne Vestbø er frå Haugesund, men bur og jobber i Oslo. Han arbeider til dagleg i Kulturrådet, blant anna med ansvar for innkjøpsordninga for skjønnlitteratur. I 2011 kom hans første bok, biografien om Moritz Rabinowitz, men det er Øverst på nazistenes liste som vart plukka ut av Hele Rogaland leser. Sidan starten i 2008 har det blitt delt 350 000 bøker av ulike Rogalandsforfattere, og Arne Vestbø skal ut på turné med boka i Rogaland frå 14. oktober til 3. november. Sjekk ut facebookarrangementet om du er interessert! 16. oktober kjem han i alle fall til mitt bibliotek :-)

Moritz Rabinowits var jøden som 14 år gammal reiste frå Polen til Norge for å jobbe i onkelens butikk i Bergen. Etter nokre år starta han opp manufakturbutikk i Haugesund og stifta familie. Rabinowitz var ikkje redd for å satse på det han trudde på, men det var mange i Haugesund som ikkje syns noko om at ein jøde hadde større suksess enn nordmenn med sine butikker. Jøder har ikkje blitt godt behandla i Europa, men Rabinowitz følte seg ganske trygg i Noreg. Han skreiv lesarbrev i avisene, og var bekymra for kva som kunne skje om nazistane og Adolf Hitler fekk makta i Tyskland. Då krigen braut ut i 1940, og tyskerne invaderte Noreg, stod Moritz Rabinowitz øverst på lista over nordmenn dei ville ta til fange. Etter ei flukt frå tyskerne på 8 månader vart han til slutt fakka og sendt i konsentrasjonsleir. Han kom ikkje levande ut frå Auschwitz, men historien om han er sterk og engasjerande. Boka inneheld og ein del bilete frå Rabinowitz' tid og virke. Anbefales!

XOXO

4 kommentarer:

  1. Det høres ut spennende og sterk bok, som er verdt å lese. Takk for lesetips.

    SvarSlett
    Svar
    1. Bare hyggelig! Eg sender gjerne ei bok din veg - dei er gratis på biblioteket mitt :-)

      Slett
  2. Så mange skjebner der ute... Høres ut som ei sterk og interessant bok.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jødane har verkeleg ikkje hatt det lett i denne verda...

      Slett