Søk i denne bloggen

mandag 25. desember 2017

The Classic Book Tag

Riktig god jul til alle lesere! Eg håper dykk nyter rolege juledager med dei dykk setter høgast, og at julematen synker inn. Eg har vore heime hjå mine foreldre og feira julaften med dei, mine søsken og min tante, opna den eine gåva etter den andre og åte utallige mengder julemat og snop. Ingen bøker til meg under juletreet (sjølv ga eg vekk to pluss dei to eg kjøpte for min far), men tekanna med Mummitroll-motiv veier opp for bøkene.

Klassikere leser eg heile året, og nå i desember prøver eg å komme gjennom Mary Barton og eg har eit lite håp om å begynne på Nicholas Nickleby. Denne taggen har eg funnet hjå den danske bokbloggeren Ord fra en bibliofil, og eg syns den passa meget godt til meg.

1. An overhyped classic you really didn't like:
Eg har lest ein del klassikere som eg ikkje liker, men mange av dei burde eg lese om igjen for eg er redd eg ikkje forstod dei då eg las dei. Dracula kan eg til dømes ikkje få meg til å like, The Picture of Dorian Gray er ein anna. John Williams har fått eit realt oppsving dei siste åra med nyutgivelser som Stoner og Butcher's Crossing. Dei kan nok kalles nyklassikere, men begge to var overalt då dei vart gitt ut på norsk for få år sidan, men sistnemnte var absolutt ingen høydare for meg.

2. Favorite time period to read about:
Eg liker best tidsperioden rundt Charles Dickens, Jane Austen, Elizabeth Gaskell og Brontë-søstrene, så 1800-talet er favoritten.

3. Favorite fairy-tale:
Då eg var yngre hadde NRK1 eit innslag på nyttårsaften der skodespelar Per Aabel framførte H.C. Andersens Piken med svovelstikkene. Aabel var ein gammel mann då han spilte inn dette, og stemmen hans høyrte på ein måte til eventyret. Etter nokre år slutta kanalen med dette, og sorgen var stor. Nokre år seinare kom eg over ein CD med Per Aabel som les nemnte eventyr og eit par til av Andersen. Nå er den CD-en fast innslag i dagene før jul.

4. What is the most embarrased classic you haven't read yet?
Eg trur ikkje at alle klassikere passer for alle, så eg har igrunnen ikkje eit godt svar på denne. Derimot har eg klassikere frå Edith Wharton og Hermann Melville i bokhylla som eg godt kunne ha lest.

5. Top 6 classics you would like to read (soon):

- Mary Barton av Gaskell - Denne har eg strengt tatt begynt på, og skal eigentleg vera ferdig med på nyttårsaften. Gaskells North and South er ein av mine favorittbøker, og eg er spent på om denne er like god.

- Nicholas Nickleby av Dickens - Eg såg ein filmatisering med Christopher Plummer for nokre år tilbake og denne har ligget i bakhodet mitt sidan.

- Chronicles of Barsetshire av Trollope - Anthony Trollope har eg ingen bekjentskap til, men hans tredje roman i Barsetshire-serien vart filmatisert for få år sidan. Som det kronologiske mennesket eg er så har eg lyst til å lese serien frå begynnelse til slutt. Og det er seks bøker så eg seier meg ferdig med dette spørsmålet.

6. Favorite modern book/series based on a classic:
Eg har absolutt ingen peiling på dette spørsmålet når det gjelder bok, men filmer og serier som 10 things I hate about you, Anne with an E, Anne of Green Gables og The Secret Garden er eg glad i.

7. Favorite movie version/TV-series based on a classic:
Eg er veldig glad i Jane Eyre (både 2006 og 2011), Bleak House (2006) og Our Mutual Friend (1998).

8. Worst classic to movie adaptation:
Den har eg ikkje eit godt svar på.

9. Favorite edition(s) you'd like to collect more classics from:
Eg samler på Penguin Deluxe Editions og Wordcloud Classics (Canterbury Classics) og vil gjerne ha fleire av dei.

10. An underhyped classic you'd recommend to everyone:
Edith Wharton er eit kjent namn, men det er sjelden eg ser den korte romanen Ethan Frome i litterære samanhenger. Den burde fleire lese!

XOXO

6 kommentarer:

  1. Godt å høre at du har hatt en fin jul. Heldige meg fikk to bøker under treet, to bøker jeg har ønsket meg og skal begynne på ganske snart :) Fortsatt fin julepause Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt med bøker ein har ønska seg :-)

      Slett
  2. Edith Wharton! Ethan Frome! <3

    SvarSlett
  3. Jeg fikk heller ingen bøker til jul, men fikk mye annet fint, så har absolutt ingenting å klage over ^^ Morsom book tag, kanskje jeg låner den etterhvert. Håper du har ei fin romjul, Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det gjorde eg og, så har absolutt ingenting å klage over eg heller :-) Lån den gjerne du!

      Slett