Søk i denne bloggen

søndag 27. mai 2018

Bok: "Når du ser meg"

Forfatter: Siri Hustvedt (f. 1955)
Originaltittel: The Sorrows of an American, omsett av Bodil Engen
Utgitt: 2008
Min utgåve: 2008
Format: Heftet, 316 sider
Forlag: Aschehoug

Den norskamerikanske forfatteren Siri Hustvedt har ei rekke bøker bak seg, og bøkene hennar kjem ut på ei rekke språk. Publikum og lesere er begeistra for Hustvedt, og eg har sjølv ei rekke uleste bøker av ho i bokhylla. I 2014 var hennar roman, Denne flammende verden, på Bookers longlist.

Når du ser meg, eller The Sorrows of an American som eg syns er ein meir passande tittel, handler om søskenparet Erik og Inga Davidsen som etter farens død rydder i farens papirer. Kontoret er fylt til randen av alle moglege ting, men det er nokre brever som vekker nysgjerrighet i søskenparet. Jakten på brevskriveren fører søskenparet, som til dagleg bur i New York, til barndomsheimen og til farens forlatte gård i Minnesota. Underveis i jakten blir me kjent med Ingas datter, Sonia, og me får høyre om Eriks leigebuar og om Ingas kamp mot demonene etter ektemannens død nokre år tidlegare.

Eg har lest eit par romaner av Siri Hustvedt tidlegare, men syns dei var tunge å komme gjennom. Hustvedt kan sitt fag, og bruker mykje kunstreferanser og psykoanalyse i romanane sine, men i Når du ser meg føler eg språket er lettare, litt allemannseie, og historien er interessant. Eg er interessert i slektsforskning, og litt av dette kjem fram i romanen. Kven er den ukjente brevskrivaren, og er mistankene om eit dødsfall reelle? I takketalen bakerst i boka kjem det fram at erindringane som er brukt i boka er virkelige og det same med eit avisutklipp frå 1937. Erindringane er frå Lloyd Hustvedts eigne erindringar, og avisutklippet er om Siri Hustvedts grandonkel. Slikt gjer at romanen får meir dybde, og slektsforskaren i meg jubler. Kvifor eg plukka akkurat denne romanen ut av hylla tidlegare i veka kan eg ikkje forklare, men det er ei stund sidan eg har haldt på med ei bok eg bare måtte ha med i veska på fotballkamp for å kunne lese i pausen. Det er for meg eit tydeleg teikn på god bok. Anbefales!

XOXO

4 kommentarer:

  1. Jeg har bare lest en bok av Siri Hustvedt, The Summer Without Men, og har to bøker av henne stående i bokhylla (The Enchantment of Lily Dahl og A Woman Looking at Men Looking at Women: Essays on Art, Sex, and the Mind). Jeg ble ikke så begeistret for den boka jeg har lest, så det sitter litt langt inne å lese noe annet av henne. Men det er ganske mange år siden jeg leste den, så kanskje bør jeg gi henne en sjanse til. Når du ser meg høres jo interessant ut også!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er og litt ambivalent fordi eg har lest to gode før denne ("Lily Dahls fortryllelse" og "Med bind for øynene"), og to som eg ikkje skjønte eit kvekk av ("Det jeg elsket" og "Denne flammende verden").

      Essaysamlinga som heiter "Livet, tanken, blikket" var mi første Hustvedt-bok og den er fantastisk! "Sommeren uten menn" skal eg begynne på i dag håper eg, og satser på gode vibber frå den forrige.

      "Når du ser meg" vart eg positivt overraska over og eg syns den var lettare i språket enn mange andre Hustvedt-bøker.

      Slett
  2. Siri Hustvedt er en forfatter jeg kunne tenke meg å lese mer av, har kun lest "Sommeren uten menn" og den var vel lettlest syntes jeg huske.. Har du lest den nå?

    SvarSlett
    Svar
    1. Sommeren uten menn er fortsatt ikkje lest. Tanken var der, men eg trur hjernen min bare liker ei Hustvedt-bok per 6 mnder :-D Haha!

      Slett