Søk i denne bloggen

søndag 21. oktober 2018

Read-a-thon minutt for minutt (#8)

Dette innlegget blir oppdatert underveis i readathonet!


Laurdag 20. oktober:

Kl. 13.00 | Eg meldte meg på akkurat nå, men det har låge i bakhodet mitt ei stund at noko skulle skje på denne datoen. Offisiell starttid på denne sida av kloden er kl 14, men kl 15 er eg på biblioteket og høyrer Tore Renberg, og blir verande der eit par timar. Satser på at eg kjem sterkt tilbake utover kvelden!

Leselysten går veldig opp og ned for tida, og dei store og tunge bøkene kjem muligens ikkje inn i dette lesemaratonet, men som ungane på jobb har dilla på for tida: Ein skal aldri sei aldri!

Kl. 18.00 | Readathonet er fire timar gammal, men eg har akkurat komt inn døra etter ein fest av eit arrangement med Tore Renberg. Eg har ikkje lest ferdig ei einaste bok av Stavanger-forfatteren, men etter i dag vart eg skrekkelig inspirert. Det siste han gjorde var å lese frå Angrep fra alle kanter og det gjorde han med ein slik innlevelse og skodespelarevne at eg vart heilt mållaus! Hele Rogaland leser er 10 år i år, og vart feira med Afternoon Tea. Bileter finner du på Instagram (link heilt nederst). Eg var og ein tur innom Kiwi for å handle snacks for i min iver etter 7-8 kg med bakevarer tidlegare i dag så gløymte eg snacks til kvelden og natta. Det er ikkje sikkert at snacksen blir åte, for det vart servert scones på biblioteket og eg trur eg er mett til i morgon tidleg ;-) Strikketøyet mitt var med på biblioteket i dag, og Tore Renberg kommenterte det etter ein time og lurte på om eg vart ferdig i dag. Festlig mann! Eg har forøvrig og hatt skriveoppdrag for biblioteket på grunn av Hele Rogaland leser og det er litt stas. Link kan publiseres om det er av interesse!

Nå skal eg finne ein kaffekopp og ei bok, og sette meg godt til rette!

Kl. 22.00 | Eg fant både kaffekoppen x2 og ei bok, pizza ei stund seinare (vart jammen svolten etterkvart), og har dei siste timane lest av og på i min meget romantiske roman. Nokon bøker er min go-to-ticket-when-all-else-fails og i det siste har det vore ein romantisk trilogi. Den siste er min favoritt av dei tre, og sjølv om eg har lest den fleire gonger dei siste åra er det så gøy å synke inn i ei bok som ikkje krever for mykje.

Søndag 21. oktober:

Kl. 10.00 | Etter ei litt sein natt med film vakna eg for ein halv time sidan. Eg er ikkje noko god til å lese om formiddagen, eg er meir ein ettermiddag/kveldsleser, så om det blir meir lesing i dag er usikkert. Akkurat nå har eg strikketøy, Nitimen og kaffi (hallo 31 going on 80) så får me sjå. Det regner ute, og eg hadde egentlig tenkt meg ein tur på biblioteket etter Elsa Beskow-bøker...

Kl. 14.00 | Vel blåst maraton! Ca 4t lesing og rundt 300 sider er fasiten for dette maratonet, men eg kjente at det låg ikkje for meg denne gongen å slå alle rekorder. Planen min om bibliotek og kyrkjegard vart avblåst til fordel for baking. Det har striregna heile dagen, Klepp-damene har akkurat slått Lillestrøm Kvinner i seriekamp, og snart skal eg sjå meir fotball. God søndagskveld til alle!

Neste readathon er 6. april!

I løpet av readathonet har eg lest/høyrt i følgjande bøker: The Perfect Hope | The Phantom of the Opera | Whiskey in a Teacup |

Du kan følge mitt lesedøgn her:

XOXO

11 kommentarer:

  1. Jeg tror jeg har glemt å melde meg på sånn formelt og jeg har omtrent ikke lest de siste to ukene. Har hatt en hektisk arbeidsuke i Oslo og kom hjem sent i går kveld. Hodet føles ganske fult. Ikke det beste utgangspunktet. Men, satser på at dette er en god mulighet til å roe ned, slappe av og nyte helgen, for ikke å snakke om å få kommet godt i gang med lesingen igjen. Har en genialt spennende bokhaug på bordet som jeg gleder meg til å begynne på.

    SvarSlett
    Svar
    1. Håper du legger ut eit innlegg om den geniale bokhaugen i det minste :-) Eg er akkurat nå på biblioteket og venter på Tore Renberg, men kvelden blir via til lesing.

      Slett
    2. Har lagt ut bilde av den i hvert fall :) Var en tur innom Tronsmo på onsdag og fant masse spennende der. Er godt i gang med lesingen så langt, så satser på at det blir en bra lesedag. Kos deg med Tore Renberg!

      Slett
    3. Så jillt, skal kikke innom deg etterpå :-) Renberg var ein fest, og ein dag må eg nok lese bøkene hans.

      Slett
    4. Høres ut som om du har kost deg på arrangement med Renberg ja! Husker han var ganske aktiv på Bokelskere en stund, han var vel en av de som opprettet den siden. Jeg har lest et par av hans bøker, men det begynner å bli lenge siden. Vet ikke hvorfor jeg ikke leste flere, for jeg tror jeg var fan da.

      Slett
  2. Håper du har kost deg og er klar for lesemaraton. Jeg har begynt på Eleanor Oliphant men går snart tilbake til Regnvokteren som er mye bedre. Kos deg med lesingen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har kost meg veldig, og eg som ikkje har lest ei einaste Renberg-bok frå start til slutt vart skrekkelig inspirert :-)

      Slett
  3. Hadde helt glemt dette jeg, men visste at det skulle være noe i oktober, så da var det bare å hive seg rundt.
    Gleder meg til å følge deg utover kvelden og morgendagen. Kos deg med lesingen etter Tore Renberg :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg såg at du og er i gang :-) Tore Renberg var ein fest, og eg vart skrekkelig motivert til å sette i gang med bøkene hans. Men ikkje i kveld :-)

      Slett
  4. Jeg har lest én Renberg, Du er så lys, som jeg likte ganske godt. Blir det Renberg-lesing på deg i kveld? Håper lesekvelden blir bra ihvertfall:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Med mindre eg får eit akutt behov og bruker ebokbib blir det ikkje Renberg. God lesing!

      Slett