Søk i denne bloggen

torsdag 28. februar 2019

Leserefleksjonar #44 | Februar i bøker

Februar var: Denne månaden har vore seig og lang til tross for sine 28 dagar. Alle årstider har vore innom denne månaden, og med dei siste dagers skoddehav (les: tåkehav) blir eg litt versjuk. Det positive er at vårblomstene popper opp, fuglane synger i trea tidleg om morgonen, og ungane vil helst bade når dei kjem heim. Og det er bade ute dei vil for så varmt meiner dei at det er. Festlig!

Natt til mandag var det tid for den årlege Oscar-utdelinga, og som det gale mennesket eg er så satt eg oppe heile natta og fulgte direktesendinga frå Hollywood via TV2 Danmark. Så utruleg kjekt, og så ute av det dagen etter. Når du står opp 09.30 søndag morgon, held det gåande til 05.30 mandag morgon, legger deg og søv til 11.00 så blir det ein rar dag. Mandag var det og 2 år sidan min kjære farfar gikk bort, og eg merker framleis at det mangler nokon når eg besøker farmor. Med det til side er det godt å sjå at farmor har det godt med seg sjølv, og at ho trivs i eige selskap sjølv om dagane kan bli lange. Det var ikkje gitt for to år sidan at det skulle gå så godt.

I februar las eg: Eg har lest resten av Roberts Bride Quartet som eg nikoste meg med, og litt lått og løye. Eg har omfavna ekornleseren i meg, ingenting er lest frå bokhylla, og eg har nærmare 20 bøker på utlån frå biblioteket. Det må nemnes i den samanheng at ikkje alle er til meg; 6-7 av dei er barnebøker eg har lånt for ein kollega. Det er få ting eg liker betre enn å surre på biblioteket og meldte meg frivillig med det same min kollega sa at ho burde ha vore på biblioteket etter bøker til sin avdeling på jobb. Gjer lett det fleire gonger!

* Nora Roberts: Bed of Roses (Bride Quartet #2)
* Nora Roberts: Savor the Moment (Bride Quartet #3)
* Nora Roberts: Happy Ever After (Bride Quartet #4)
* Elena Ferrante: Kvelande kjærleik 1001
* Camara Lundestad Joof: Eg snakkar om det heile tida
* Sumaya Jirde Ali: Ikkje ver redd sånne som meg
* Don Rosa: Skrue McDucks liv og levnet
* Agatha Christie: The Labours of Hercules (HP #27)
* Isabel Sánchez Vegara: Muhammad Ali (Little people, big dreams)
* Isabel Sánchez Vegara: Stephen Hawking (Little people, big dreams)
* John Kelly og Elina Ellis (ill.): Shhh! I'm Reading!
* Kristin Storrusten: Svart lego
* Paulo Coelho: Veronika vil dø 1001

I februar fullførte eg ikkje: Dei bøkene som eg hadde planer om å lese har eg ikkje begynt på ein gong, men eg har ikkje lest vidare om Michelle Obama. Mogleg eg kryper til korset og finner boka i Storytel.

I mars har eg planer om: Lese fleire gode bøker, og fortsette å spre leseglede og motivasjon. Prata med ein deltaker i lesesirkelen i dag og me vart samde om at sjølv om eg surrer fælt med hvilken bok eg skal lese i sirkelen kvar månad så sprer eg i alle fall lesemotivasjon med sirkelen. I morgon kjem oppfordring om mars-kategorien, stay tuned!

Kva har du lest og opplevd i februar?

XOXO

5 kommentarer:

  1. Februarværet har vært slitsomt her i Trondheim også. og jeg blir værsjuk, det kjennes både i kroppen og sinnet. I dag har snøen lavet ned, i går var det sterk vind, dager med tåke, regn, vind..
    Har ikke lest så mange bøker som deg, men jeg har lest Veronika vil dø for lenge siden (likte den) og den diktbok av Ali. den fikk jeg ikke noe særlig ut av, og har derfor ikke blogget om den.
    Ønsker deg en fin mars- og ja, du sprer leseglede med 1001-sirkelen:)

    SvarSlett
    Svar
    1. (ja, også Ferrante har jeg lest)

      Slett
    2. Tusen takk, Anita! Heldigvis lite snø her nede, men iskald vind og mykje tåke har prega dei siste dagane.

      Slett
  2. Værsjuk ja, den kan en bli i februar. Men det været vi har hatt siste uka med sol og varmegrader da blir jeg gladere.

    Synes du har hatt en god lesemåned da Elida, til tross for Oscar utdeling og dårlig vær :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dårleg vér er lik meir lesetid :-)

      Slett