Søk i denne bloggen

mandag 27. juli 2020

The 2020 Booker Prize - Ventedag


Kvifor Booker-prisen absolutt må annonseres når vanlege folk har krøpe under dyna er eit mysterium for meg, men slik er det. Med stor sannsynlighet kjem eg til å sitte oppe til kl 1 i natt (og sikkert lenger) for å få med meg pressemeldinga om hvilke 12-13 bøker som hamner på dette årets langliste.

2020 har så langt vore eit merkeleg år, og vinnaren for dette årets internasjonale pris er ennå ikkje avgjort (det har så langt blitt utsatt til 26. august). Eg gler meg uansett til langlista blir annonsert om ca 12 timer. På Goodreads Eligible-liste er det så langt 160 bøker, og etter å ha fulgt denne prisen i nærmare 10 år så vil det alltid vera nokon overraskelser i vente frå dommerpanelet.

I år består dommerpanelet av frå venstre: Margaret Busby (redaktør, litteraturkritiker og tidlegare forlegger), Lee Child (forfatter), Sameer Rahim (forfatter og kritiker), Lemn Sissay (skribent og kringkaster) og Emily Wilson (klassisist og omsetjar).

Eg gler meg til dette årets Booker-liste, og sjå ikkje vekk frå at det blir ein ny post her på bloggen før fuglane har stått opp.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Kommer til å sitte oppe jeg også, det blir veldig spennende å se hvilke bøker de har valgt. Har de siste årene skrevet liste over bøker jeg ønsker eller tror kommer på listen men har ikke kommet så langt i år. Bookdepository bruker 1 1/2 - 2 mnd på levering for tiden så det blir spennende å se når jeg får begynt på eventuelle bøker. Satser på at en fysisk butikk har noe av det inne.

    Har du noen bøker du helst ville sett på listen?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg håper at Storytel eller biblioteket har noko inne, begynner alltid der eg. Evt ein nysignering av Audible om dei har nokon av bøkene.

      Eg har ikkje lest noko i år som kan hamne på lista, men det er alltid namn eg vil ha med. Om dei kjem med er ein anna sak for av ein eller anna årsak er eg og juryen aldri samde :-)

      Slett