Søk i denne bloggen

søndag 31. juli 2022

Månadsoppteljing #86 | Juli i bøker

Juli var: Først jobb, så ferie! Jæren har ikkje vore heldig med véret i juli, og eg gjekk fleire dagar med ullgenser under jakka. Nå er eg frysepinne altså, men likevel. Dei få dagane me hadde vart brukte godt, og gleda i ungane då dei kunne springe ut med kun inneklede, sko og solkrem er uvurderlig.

Den siste veka har eg vore i København og Odense. I 2019 var eg på min første tur til København og forelska meg totalt i dronningas by. Eg var fast bestemt på å reise tilbake året etter, men det skjedde jo ikkje. Såg nesten ut til at dette året og skulle gå fløyten, men med is i magen behaldt eg SAS-bilettane mine og føyk avgårde mandag morgon. Litt meir sikker på både kor eg skulle og korleis byen såg ut denne gongen, og det går ikkje an å beskriva korleis turen har vore. Eg har gått rundt med eit smil om munnen i dagevis.

Eg har vore usikker på om eg skulle dele dette, men here goes: Mi oldemor hadde ei søster som budde i Danmark dei fleste åra av hennar liv. Eg har kun sett bilete av ho då ho var på besøk heime, men som den slektsgranskeren eg er så er eg evig fascinert. Då damen døydde på midten av 2000-talet vart ho gravlagd i Danmark, og det har låge i bakhodet mitt i mange år. For tre år sidan var det ikkje i tankene mine ein gong at eg skulle finne ei eventuell grav, men i år gjorde eg litt research. Via dødsannonsen i lokalavisa visste eg kva det heitte der grava er (og kor langt det var frå København), og eg sendte ein e-post til kyrkjegardskontoret. Eg var førebudd på at eg ikkje fekk svar, men tre dagar seinare fekk eg ein koseleg e-post med info og kart over grava var. Snakk om kundeservice! Då var det bare å hive seg over Google Maps og dansk kollektivtrafikk. Og eg fant grava! Eg har som sagt aldri truffet denne damen, men då eg stod ved grava - ubeskrivelige kjensler! Så glad for at eg tok turen ut av byen, og med litt flaks då grava blir sletta om nokre år. Så slik kan og ein ferie brukas.

I juli har eg lest: Eg blir litt tullete når eg leser gjennom denne lista over alt eg har lest/høyrt for ein skulle jo ikkje tru at eg har vore på jobb halve månaden. Eg har deltatt i leseutfordringa #janeaustenjuly på Instagram, og med ulike kategorier blir det mykje bra Austen-lesing. Den eine kategorien var å lese ein av Austens 6 kjente verk. Eg høyrte likegodt alle eg, og fleire av dei har eg ikkje lest på fleire år. Meget artig å høyre dei med litt vaksnare sinn enn sist. Elles leser eg som eit ekorn, og hopper frå det eine til det andre alt etter som det passer humøret.

* Anne Brontë: The Tenant of Wildfell Hall (lyd frå Storytel)
* Alexandre Dumas: The Count of Monte Cristo (lyd frå Storytel)
* Kenko Yoshida:  A Cup of Sake Beneath the Cherry Trees (papir frå mi hylle)
* Baltasar Gracián: How to Use Your Enemies (papir frå mi hylle)
* Paula Byrne: The Genius of Jane Austen. Her Love of Theatre and Why She Is a Hit in Hollywood (papir frå mi hylle)
* Helle Helle: Hus og hjem (papir frå biblioteket)
* Helle Helle: Rødby-Puttgarden (papir frå biblioteket)
* Jane Austen: Sense and Sensibility (lyd frå Storytel)
* Joanna Trollope: Sense and Sensibility (papir frå biblioteket)
* Jane Austen: Pride and Prejudice (lyd frå Storytel)
* Jane Austen: Mansfield Park (lyd frå Storytel)
* Karen Joy Fowler: The Jane Austen Book Club (papir frå hylla)
* Janet Todd: Jane Austen. Her Life, Her Times, Her Novels (papir frå hylla)
* Yohan Shanmugaratnam og Line Ørnes Søndergaard: Bruddet. Byen som ville ha brexit (papir frå biblioteket)
* Warsan Shire: Eg lærer mor mi å føde (papir frå bokhylla)
* Kari Saanum: Sorgsanger (papir frå bokhylla)
* Jane Austen: Emma (lyd frå Storytel)
* Jane Austen: Persuasion (lyd frå Storytel)
* Jane Austen: Northanger Abbey (lyd frå Storytel)
* George Orwell: Kamerat Napoleon (papir frå hylla)
* Jane Austen: Sanditon (papir frå hylla)
* Jane Austen: Lady Susan (papir frå hylla)
* Jane Austen: The Watsons (papir frå hylla)
* Claire Keegan: Småting som dette (papir frå biblioteket) BP22

I juli fullførte eg ikkje og fortsetjer med: Ekorn-leseren hopper glatt frå det eine til det andre, og sjansen for at disse blir ferdige med det første er ikkje så stor. Det gråter eg ikkje over - ein dag blir disse flytta lenger opp.

* Charlotte Brontë: Shirley (digitalt med kindle)
* Ann Radcliffe: The Mysteries of Udolpho (digitalt med kindle)
* Lucinda Riley: The Murders at Fleat House (lyd frå Storytel)
* Charles Dickens: The Old Curiosity Shop (lyd frå Storytel)
* Hanya Yanagihara: To Paradise (digitalt med kindle)
* George R.R. Martin: A Dance with Dragons (A Song of Ice and Fire #5) (lyd frå Storytel)

I august skal eg: Eg skal lese bøker frå Booker 2022. Langlista kom midt i København-ferien utan medbrakt PC så eg skal legge ut lista her om eit par dager. Elles skal eg til Oslo eit par dager på boklansering av Ann Helen Kolås Ingebrigtsens nye ungdomsroman Eg blir her. Det blir stas!

XOXO

6 kommentarer:

  1. Jeg er glad for at du delte,sånt er kjekt å høre om og helt fantastisk at du fikk besøkt graven før det var for seint. Og ikke det minste rart at det ble en spesiell følelse å stå der.

    Har lagt merke til at det har gått litt i Jane Austen på insta, men ikke deltatt selv. Speaking of Austen, har du sett den nye adapsjonen av Persuasion? Jeg begynte på den men så ikke ferdig...ser at mange booktubere ikke ble så begeistret.

    Ellers har du fått lest mye i juli og to Helle Helle bøker er musikk i mine ører.

    Har lest to av Booker-bøkene,har bestilt to samt tigget om en annen som er oversatt til norsk. Spennende med den unge debutanten...jeg er som alltid giret etter å komme i gang så får jeg se hvor mange jeg faktisk får lest.

    Ha en fin August,Elida 🙂


    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Beathe! I e-posten stod det når grava skal slettes, og det er eg så glad for for då fekk eg kasta meg rundt og gjort det. Eg hadde blitt oppriktig lei meg om eg hadde gått glipp av den med bare få månader.

      Eg er Jane Austen-fan, og som eg skreiv var det fleire år sidan fleire av bøkene vart lest. Nå var det artig å høyre dei om igjen. Eg såg den nye adaptasjonen dagen etter den kom ut med eit watch-party på YouTube. Eg kan ikkje godta den som ein fullverdig adaptasjon og kjem aldri til å sjå den igjen. Moderne dialog, dårlig rollebesetning, manglande essensielle karakterer - the list goes on!

      Eg er såpass gira at eg har lånt dei bøkene i norsk omsetjing, men må gjera meg ferdig med Jane Austen først :-)

      God august til deg!

      Slett
  2. Jeg som er så glad i ekorn lo godt av bildet ditt. Er ikke ekornleser selv, men har blitt flinkere til å ikke true meg gjennom bøker som ikke faller i smak.
    For en liste! og hurra for Storytel!
    Tenker du hadde masse go`følelser når det gjelder prosjektet ditt i København, mestring jobber vi jo med begge to, så vi vet hvor god den følelsen er :)
    Gleder meg til å lese om Booker-planene dine, når den tid kommer, fortsatt god ferie!

    SvarSlett
    Svar
    1. Storytel er gull verdt! Det fungerer dårleg i storbygater då eg følger meir med på folk og bygninger enn på lydboka, men på flyet fungerer det perfekt.

      Mestringskjensla då eg fant ut hvilken buss eg skulle ta, og då eg fant grava var ubeskrivelig. Eg har til tider null stedsans, så smarttelefon har vore gull for denne damen. Med litt tolmod og null skrupler med å spør tenestefolk (som togkonduktør og bussjåfør) så finner eg fram. Tok buss til Assistens kyrkjegard for å finne H.C. Andersens grav og, og det var såpass grei avstand frå sentrum at eg gjekk ned igjen. Det er og mestring når ein ikkje er skvetten for å spasere i ukjente gater.

      Booker-planene kjem, må bare "få vekk" Jane Austen først ;-)

      God ferie, Tine!

      Slett
    2. Jeg kjenner at jeg blir mer modig av å lese det du skriver. Jeg skal kjøre til Haugesund i morgen, og finnet det nye huset til eldstemann som holder på å flytte sørover. Det er skummelt og spennende, men jeg må til pers. Jeg lover deg, en blir mer pysete med alderen, det er helt sikkert :)

      Slett
    3. Så flott at det kan hjelpe. Eg har trua på at du finner fram, og det er ingen som syns du er feig som stopper eit sted og får igjen pusten. Ein er modig når ein tør å utfordre seg sjølv!

      Slett