George Raymond Richard Martin (f. 1948) er ein amerikansk roman- og manusforfatter og er best kjent som forfatter av fantasy-serien A Song of Ice and Fire. Serien er betre kjent i TV-serie-verda som Game of Thrones.
Den første boka, A Game of Thrones, kom ut allerede i 1996 også gjekk det slag i slag med ny bok i serien i 1998, 2000, 2005 og 2011. Det er planen at serien skal ha to bøker til, og dei har fått titler, men mi meining er nå at det kjem aldri til å skje. Dei fem bøkene i serien er oversatt til norsk mellom 2011 og 2015 og har vore meget populære.
Dette er på ingen måte ein bok for bok-handlingsforløp for sanninga er at eg har garantert gått glipp av ein del i løpet av serien. Eg har lytta til serien på engelsk lydbok med ein innleser som kan måle seg med Stephen Fry. Du gløymer innimellom at det er kun ein som leser alle stemmene, og det er ein bragd og meget underhaldande for lytteren. Eg begynte i mai-21 med første bok, og har nettopp høyrt ferdig bok 5. Det har altså tatt meg 18 månader å høyra serien, og det må og nemnes at eg har høyrt andre bøker innimellom.
A Song of Ice and Fire-serien foregår i ei fiksjonsverd der årstider ikkje betyr så mykje som i vår verd. Det er kriger inspirert av middelalderen og engelske rosekriger, med tronpretendenter, sterke kvinner, til tider svake menn, mørke hemmeligheter og mange dødsfall. Det er blodig og brutalt, vakkert og skjørt, og fryktelig urettferdig. Eg som normalt sett ikkje leser fantasy har lytta meg gjennom ørten timer, og syns ikkje det er så verst. Det som gjer at eg lytter videre er karakterene. Dei kan du elske eller hate, men det vil alltid vera nokon som du heier på. Karaktergalleriet er heilt hinsides alt anna eg har lest, og trikset til Martin er å la ein og ein karakter snakke i sitt perspektiv i eit kapittel for så å bytte karakter. Då gjelder det å ha tunga beint i munnen for lytteren. Det har utfordra meg eit par gonger, men eg kom alltid tilbake til kva det var karakteren hadde gjort i sitt forrige kapittel.
Eg er av dei sjeldne personene som ikkje har sett ein einaste episode av TV-serien. Viss serien ennå ligger på ein strømmeteneste så skal eg sjå den. Sannsynligheten for at det skjer meir enn ein gong er ikkje stor, og eg kjem sannsynligvis ikkje til å lese bøkene fleire gonger. Men det har vore underhaldande og god bruk av tid
XOXO
| Titler: A Game of Thrones, A Clash of Kings, A Storm of Swords, A Feast for Crows, A Dance with Dragons | Utgitt: 1996-2011 | Format: Lydbok frå Storytel, lest av Roy Dotrice | Forlag: HarperVoyager (Vendetta forlag i Noreg)
Jeg har serien stående ulest i bokhyllen, mulig jeg finner de frem, fikk litt inspirasjon fra deg nå, men så har jeg sett alle episodene. Spennende serie :)
SvarSlett