Søk i denne bloggen

tirsdag 2. mars 2010

Bok: "Carolina Moon"

"When that guy was growing up he didn't wish you'd come back every time he got the long end of the wishing bone. Or blew out his candles on his birthday cake. Or saw the first star in the sky. And that's too bad for him, because he never got to see all of his wishes come true better than he ever hoped. Just let your walls down, Tory. I'm letting mine down." Oliver Hudson to Claire Forlani in "Carolina Moon" (2007)

Victoria 'Tory' Bodeen kjem tilbake til Progress, North Carolina etter nesten 20 år vekke frå byen ho tilbrakte sine første leveår. Etter at venninna Hope vart brutalt voldtatt og myrda tok faren med seg Tory og mora og reiste avgårde. Nå er Tory på vei tilbake. Til spøkelsene og foreldra som bur ikkje så altfor langt vekke frå Progress, for å opne butikk. Enkelte er nok meir glad for dette enn andre, men korleis er det med mordaren? Tory "ser" meir enn andre, og merker at det er noko gale, men har ho tid til å stoppe det? Har Cade dei same kjenslene for Tory som tidlegare?

Det er ikkje lett å få med alle detaljer når ein skal lage film av ei bok på 400 sider. Samtidig trur eg filmskaparar tar seg visse friheter for dei sitata eg er mest glad i når eg ser filmen, er ikkje med i boka, og fullt av folk som er med i boka er heilt kutta ut i filmen. Men! Historien er den same, og den er like bra anten du les boka eller ser filmen.

"Well, I'm going too. To the ends of the earth if that's where you're headed." Oliver Hudson to Claire Forlani in "Carolina Moon" (2007)
XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar