Søk i denne bloggen

fredag 25. juni 2010

Bok: "Forsoningen"

Eg har i mange år lest bøker der hovudpersonane har eit nært forhold til Gud. Hilda Stahls "Elizabeth" og Judy Baers "Lexi" er bøker forbunde med min oppvekst. På biblioteket såg eg tilfeldigvis bøkene til Karen Kingsbury, og noterte meg namnet, men så var eg inne i ein krimperiode, og bøkene vart lagt på is. Dei siste dagane har eg tilbrakt i Karen Kingsburys Baxter-univers, og eg er hekta. Denne familien er fantastisk med sine rariteter, uenigheter og det faktum at de komme aldri til å svikta kvarandre uansett kva som skjer:)

Handling i "Forsoningen": I den første boka om Baxter-familien er det nr. 2 i søskenflokken, nydelige Kari (og, ja, eg sleit med det namnet gjennom heile boka) som er i fokus. Ektemannen, Tim Jacobs, ein respektert professor i journalistikk, har eit forhold til ein av studentane sine. Lamslått reiser Kari heim til foreldrene sine for å få orden på tankane. Ryan Taylor, ein gammal flamme, har fått jobb som fotballtrener ved High School i byen der de bur, og plutselig veit ikkje Kari kva ho skal gjera. Er ekteskapet verkeleg over? Vil Kari kunne elske ein mann igjen? Samtidig som Kari er i fokus, får me bits and pieces om dei andre familiemedlemmane, og det blir jillt å fortsetja å lesa denne serien på fem bøker.

Det høyres kanskje forutsigbart og overfladisk ut, men sanninga er at eg treng denne type bøker etter alle krimbøkene. Eg treng ein lukkeleg slutt, ein fantastisk familie og eit språk som ikkje krever altfor mykje:)

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar