Søk i denne bloggen

søndag 31. oktober 2010

Bok: "Harry Potter and the Philosopher's Stone" (Harry Potter #1)

Forfatter: J.K. Rowling
Utgitt: 1997
Format: Lydbok, lest av Stephen Fry, 8t25min
Forlag: Bloomsbury

Eg huske framleis første gongen eg høyrte om Harry Potter. Søskenbarnet mitt introduserte meg for ei bok som eg bare måtte lesa! Det er framleis den første boka som er mest slitt i omslaget, men alle bøkene er lest fleire gonger. Første del av den sjuende boka kjem på kino i slutten av november, og eg glede meg stort. I den anledning bestemte eg meg for å høyra bøkene på engelsk. Eit kjapt søk på Jærbiblioteka, men oppdaga at nr 2 var ikkje å få tak i. Ein kjapp mail til Sola bibliotek, og nr 2 er på innkjøp og på mi reserveringsliste. Godt å vita at det fins nokon som utfører når eg befaler;) Historien om Harry Potter er velkjent, men det var absolutt jillt å høyra Stephen Fry sin britiske stemme. Han passe godt til å lesa Harry Potter. Julie har forøvrig og nettopp høyrt Harry Potter:)
XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar