Søk i denne bloggen

tirsdag 5. oktober 2010

Bok: "Tatt av vinden" - bind 1

Eg har vore ein tur på biblioteket idag, og raska med meg eit par Paasilinna-bøker og den nyeste Herman Lindqvist! I dvd-hylla var det mykje interessant, og eg var ein hårsbredd frå å ta med meg "Tatt av vinden" med Clark Gable og Vivien Leigh og bare skippa å lesa bind 2. Eg vart nemlig ferdig med bind 1 (448 sider!!!) i dag tidlig til frokosten, og nå ligger bind 2 og venter:/ Det gjekk faktisk raskare enn eg hadde trudd. Eg har skumma litt, for så interessant er det ikkje å lesa om krig, men eg kjente at det var ukjent stoff, for det var ikkje alt eg syns så altfor godt om! Du skal få eit ca handlingsreferat, men viss du ikkje har lest boka, så ikkje les vidare!

Handling i "Tatt av vinden" - bind 1: Scarlett O'Hara er ein nydelig sekstenåring med fullt av kavalerer. Ho er håplaust og hjelpelaust forelska i Ashley Wilkes, men då Wilkes annonserer sin forlovelse med sin kusine Melanie Hamilton, er Scarlett rask med å gifte seg med Melanies bror, Charles. Kjærligheten uteblir, men to månader seinare døyr Charles i krigen, og dermed var Scarlett enkje. Til sin skrekk oppdagar ho at ho er gravid, og føder sonen, Wade. Før alt dette skjer, har Scarlett møtt ein mann som ikkje er velkommen hjå nokon, nemleg helten vår, Rhett Butler. Etter mi meining var han ikkje mykje av ein helt, men under krigen, då Scarlett og Melanie bur hjå Melanies tante i Atlanta, er han ganske så behjelpelig. Melanie får sin eigen son, etter at Ashley har vore heime over jul, og då soldatane kjem til Atlanta hjelper Rhett dei med å flykte ut av byen. Scarlett og følget kjem til slutt heim til plantasjen Tara i Georgia, men det er ikkje eit lykkelig syn som møter ho. Mora, som Scarlett elsker og krangler med, er død av tyfus, og det står ikkje betre til med søstrene. Scarlett bretter opp ermene og gjer sin del av arbeidet, men det er jammen ikkje lett å få tjenere til å gjere som ho vil! Då boka slutter er krigen over, og dei venter spent på nyheter om Ashley Wilkes...

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar