Søk i denne bloggen

torsdag 30. desember 2010

Torsdagslisten - nr. 1

Eg har ein tendens til å lese dei same forfattarane, og innimellom finne eg forfattere på ulike blogger som høyres spennande ut. Som oftast så skrive eg ner namnet, eller finner bøkene på ulike forlagssider og klikker dei inn på ei huskeliste. Det skal det herved bli ein slutt på, og eg vil lesa minst ei bok frå kvar av desse forfattarane i løpet av 2011.

Forfatterne eg gleder meg til å oppdage:
  1. Leo Tolstoy. Krig og fred har stått fredeleg i bokhylla sidan min 19-årsdag (5 år sidan!) og nå er det på tide og tørke støv av dei (3 bind). Anna Karenina kan eg og tenke meg å lese.
  2. Fjodor Dostojevskij. Min eigen oppfatning er at Forbrytelse og straff står ut som eit verk ein burde lese.
  3. Cecilia Samartin. Eg har vore på nære nippet til å begynne, men kom ikkje lenger. Samartin har så langt skrevet 4 romaner som eg har lyst til å lese.
  4. Johan Theorin. Første boka fekk eg i bokklubben når eg meldte meg inn i Krim og spenning, andre boka har på mystisk vis landa i bokhylla, og etter det har Theorin skrevet 2 bøker til. Kanskje på tide å lese dei?
  5. Eirik Wekre. Første bok fekk eg i bokklubben når eg meldte meg inn i Krim og spenning, andre boka vant eg på ein anna blogg, og det er visst ei til. Har høyrt eindel bra om desse bøkene!
  6. Agatha Christie. Eg ser Miss Marple og Poirot ofte, og storkoser meg, men har aldri lest ei einaste Christie-bok:-O
  7. Alexandre Dumas. Eg har faktisk vore borti The Count of Monte Christo på barneskolen ei gang, men det endte ikkje godt. The Three Musketeers har eindel av historien i filmen Mannen med jernmasken, og kanskje er eg nå "gammel nok" til å lese desse bøkene.

XOXO

3 kommentarer:

  1. Her var det mye bra =)

    Både Tolstoy og Dostoevsky er det verd å stifte bekjentskap med og når man vil ha noe lettere, men fremdeles meget god litteratur er både Theorin og Agatha Christie fine valg. Dessuten må jeg nevne den siste på listen din, Alexandre Dumas. Jeg har kun lest The Three Musketeers så langt, men jeg skal lese resten av serien om musketerene og The Count of Monte Cristo. Jeg elsket The Three Musketeers!

    To dager igjen, så er det 2011 og vi kan så smått begynne på våre utvalgte mål for året =)

    SvarSlett
  2. Takk for kommentar! Ja, nå skal eg blogge mine litteraturmål for 2011, så då blir det eit godt leseår:)

    SvarSlett
  3. Cecilia Samartin sin Drømmehjerte har jeg i hylla mi. Jeg begynte på den tidligere i vinter, men den ble glemt bort i alt som skjedde! Håper på å få tatt den fram igjen om litt :)

    SvarSlett