Søk i denne bloggen

torsdag 31. mars 2011

Mars - oppteljing

Eg har lest 9 bøker i mars månad. Ei av dei var lydbok, men eg trengte den pausen eg har hatt. Eg er godt fornøgd med denne månaden, for bøkene har vore varierte og spennande, med innslag av forutsigbarhet.

- Klassiker og lesesirkel: Mars har vore hovudmånaden for lesesirkelboka mi, og Thomas Manns Huset Buddenbrook var ei perfekt første bok. Som klassiker var den god, men det var uvant og spennande å lesa ein tysk klassiker. Omtalen kjem på søndag 3. april.

- Serie 1: Charlaine Harris' vampyrserie fascinere meg, men det går tregt framover. Bøkene er lettleste, og skal absolutt lese fleire enn dei 5 eg har lest.

- Serie 2: Eg har nå kun ei bok igjen i Percy Jackson-serien til Rick Riordan. Bok 4 var spennande, og eg er så spent på siste bok at den blir sannsynligvis lest på engelsk.

- Eg har lest ei og høyrt ei krimbok i mars. Jørgen Brekkes Nådens omkrets var knakande god, og eg seier tusen takk til alle bokbloggere som har lest og omtalt den før eg kom så langt. Finner inspirasjon daglig! Åsa Larssons Solstorm er ei lydbok eg fant i mors bokhylle. Trengte noko å høyre på, men eg er ganske sikker på at hadde eg hatt den i bokform, hadde eg ikkje blitt ferdig, eller rettare sagt nekta å gjera meg ferdig. Ulidelig spennande, og litt meir blodig enn eg er vant med i krimbøker.

- Karen Kingsbury er ein forfatter eg har tatt opp igjen. 3 bøker har blitt lest i mars, og fleire venter i april. Til tider er dei litt for forutsigbare, men enkelte gonger er det herlig å lese bøker der verda er i balanse, og det går godt til slutt.

- Eg falt for ein filmtrailer, men boka skuffa. Emily Giffins Til odel og eie har vore høgt elska "over there", men eg falt ikkje for historien.

- Novelleutfordringa: Eg har lest ei novelle i mars, som eg fant i Irène Némirovskys novellesamling Jomfruene og andre noveller.

- I mars månad har eg lest bøker av forfattere frå USA (Emily Giffin, Charlaine Harris, Karen Kingsbury, Rick Riordan), Noreg (Jørgen Brekke), Sverige (Åsa Larsson) og Tyskland (Thomas Mann).

- Forrige månads mål: Eg har ikkje lest Alyson Noël, men Rick Riordans Percy Jackson-bok er lest, og bok 5 i Charlaine Harris' vampyrserie. Lesesirkelboka vart og utlest, ei heil veke før bloggdato.

- Mål for neste månad: Eg har fleire bøker som skal leses før dei må leveres inn, og fokuserer på dei. Påskekrim er eit mål, og eg har lyst til å lese Agatha Christie.

XOXO

4 kommentarer:

  1. Jeg har helt glemt min nye tradisjon med å oppsummere månedene. Det er godt det er flere som deler tradisjonen slik at jeg får en påminnelse (i tillegg til at det er spennende å lese andres oppsummeringer).

    Du har hatt en knallmåned, med masse lesing. Jeg vet ikke helt hva jeg har hatt, men innbiller meg at det har blitt lest en del gode bøker i mars =) Skal ta en oppsummering før jeg legger meg.

    SvarSlett
  2. Det er godt at andre seier til meg at eg har lest masse, for det er ikkje alltid eg føle det slik sjølv:-)

    SvarSlett
  3. Å jo, du har lest masse! Jeg har bare lest to usle bøker i mars, så jeg har ingenting å stille opp med:-) Derav ingen månedstatistikk på meg. Altfor nedslående.

    SvarSlett
  4. Hehe, takker for kommentar, Line! Det gjelder å finne inspirasjon:-)

    SvarSlett