Søk i denne bloggen

søndag 17. juli 2011

Bok: "North and South"

Forfatter: Elizabeth C. Gaskell
Utgitt: 1855
Format: Kindle

Baksidetekst: A study in contrasts between rural southern England and industrial northern England. The protagonist is the daughter of a parson whose religious doubts have forced him to resign his Hampshire living and to move his family to an industrial manufacturing town in Darkshire.

Viss eg skal velga mellom Jane Austens Elizabeth og Darcy, og Elizabeth Gaskells Margaret og John, så velger eg glatt Margaret Hale og John Thornton! Denne historien kan eg delvis utanat, men det var fryktelig interessant å lese boka. Eg har sett serieadaptasjonen fleire gonger, og er totalt forelska! Margaret og foreldra flytter frå Helstone i sør til Milton i nord då faren seier opp stillinga si i kyrkja. Mora liker ikkje Milton det minste. Eg syns ho er eit usedvanlig irriterande menneske og den måten faren og dottera duller om ho syns eg ikkje noko om. Ho er tross alt eit vaksent menneske, men enkelte gonger lurer eg på om det er Margaret eller mora som er mest vaksen. Faren liker eg betre; han er villig til å prøve å sette seg inn i skikk og bruk i nordlige Milton. Margaret er klok for alderen, og er etter kvart ikkje interessert i det som kusina Edith liker; dans og moro, giftermål og kjoler. Margaret og familien leier eit hus av forretningsmannen John Thornton som driver eit spinneri. Han blir venn med Margarets far, og dei har mange interessante diskusjoner om livet og filosofi. Han er ein hard og kald forretningsmann, og mykje av det har samanheng med at han har vore nødt til å ta ansvar veldig tidleg etter at faren begikk sjølvmord. Det som eg syns er nydelig ved denne boka er forholdet mellom John Thornton og hans mor, Hannah. Ho vart nødt til å fire på krava då mannen døydde, og er evig takknemlig for Johns vilje til å arbeide. Han på si side er alltid opptatt av at ho skal ha det så bra som overhode mogleg. Dei to sitata som kjem nå viser forholdet på ein fin måte:
She never called her son by any name but John; 'love,' and 'dear,' and such like terms, were reserved for Fanny. But her heart gave thanks for him day and night; and she walked proudly among women for his sake.
'No one loves me,-no one cares for me, but you, mother.' (...) She put her hands on his shoulders; she was a tall woman. She looked into his face; she made him look at her. 'Mother's love is given by God, John. It holds fast for ever and ever. A girl's love is like a puff of smoke,-it changes with every wind. And she would not have you, my own lad, would not she?'
Margaret gjer seg fort opp ei meining om Thornton, og syns ikkje han er noko særlig. Til slutt blir ho nødt til å bite i seg dei tankane, og då streiken kjem til Milton forsvarer ho og Thornton etter at ho befalte han om å snakke til arbeidarane sine:
'Mr. Thornton,' said Margaret, shaking all over with her passion, 'go down this instant, if you are not a coward. Go down and face them like a man. Save these poor strangers, whom you have decoyed here. Speak to your workmen as if they were human beings. Speak to them kindly. Don't let the soldiers come in and cut down poor-creatures who are driven mad. I see one there who is. If you have any courage or noble quality in you, go out and speak to them, man to man.'
Søstera til Thornton, Fanny, er av eit heilt anna materiale enn broren, og det einaste som står i hovudet på ho er å kome seg vekk frå Milton. Så vidt eg forstod klarte ho ikkje det, men ho blir gift med ein velståande mann og klarer det nok til slutt. Margaret blir venn med far og dotter Higgins, og det fine med denne boka er at den har klare talemåter i forhold til Margaret Hale og Nicholas og Bessy Higgins. Eg måtte mange gonger stave meg gjennom orda til Higgins nettopp pga måten det er skrevet.

Det er vanskelig for meg å skrive ein omtale kun basert på boka, fordi det er serien som står mitt hjerte nærmest. Den eg har sett er frå 2004 og det er Richard Armitage og Daniela Denby-Ashe som speler John og Margaret. Eg syns den er absolutt nydelig, og film gjer absolutt noko med denne boka. Blikk, hender som møtes, og raseriutbrudd gjer seg så mykje betre på film. Les boka; sjå i det minste serien!

Sjå gjerne denne minisnutten på YouTube!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Kjempefin omtale! Jeg har denne i bokhylla, og nå gleder jeg meg veldig til å lese den:-)

    SvarSlett
  2. Thanks! Eg liker veldig godt denne historien, så det var lett å skrive omtale:-)

    SvarSlett