Nå har lesemaratonen bikka 12 timer, og eg har funne ut ein ting: Eg er ingen maratonleser! Eg leser fullt av bøker over tid, men eg er heilt grusom når det er snakk om lesing heile tida.
Eg har fullført 2 bøker og er godt igang med den tredje, medan North and South har vore recurring character idag. Akkurat den boka tviler eg på at blir ferdiglest i løpet av dei neste 12 timane. Men så var det lenge ein held ut? På eit eller anna tidspunkt etter 2 (trur eg) så kjem eg til å trenge søvn, og kva gjer ein då? Joda, ein tjuvlåner Harry Potter-filmane til lillesøster og setter på Potter-maraton. Eg les like godt til fjernsynet, om ikkje betre, som til konstant stillhet, og med den siste Harry Potter-filmen på kino neste veke så gjeld det å halde seg oppdatert. Eg har og cola, chips og sjokolade (snakker me sunn linje her?) og håper på nye 12 timer (og viss det bare blir 8 så griner eg ikkje for det!).
Ein ting er sikkert. Eg skal vera våken mellom 6 og 10 i morgon, for slutten skal eg hvertfall ha med meg!
Keep reading those books!
XOXO
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar