Søk i denne bloggen

Laster inn...

onsdag 31. august 2011

Auguststatistikk

Denne månaden har gått forbi som røyk, men med travle dager på jobb er det deilig å setta seg ner med ei bok når kvelden kjem snikande på. Hausten har gjort sitt inntog, og når vinden uler og stearinlysa er tent er det obligatorisk med bok og TV-serie.

Bøkene
15 bøker i august, godt fornøgd i ein elles travel kvardag.

- Elizabeth Cleghorn Gaskell: Wives and Daughters - kindle
- Cecilia Samartin: Drømmehjerte - lydbok
- Daphne Kalotay: Russisk vinter
- Karen Blixen: Den afrikanske farm
- Charles Dickens: Oliver Twist - lydbok
- Charles Dickens: En julefortelling - lydbok
- Agatha Christie: Snikende død
- Alyson Noël: Skyggelandet
- Charlaine Harris: Død og begravet
- Charlaine Harris: Dødelig maktkamp
- Cecilia Samartin: Salvadoreña - lydbok
- Charlaine Harris: En skjebne verre enn døden
- Cecilia Samartin: Mofongo - lydbok
- Charlaine Harris: Død i familien
- G.G. Musso: Papirpiken

Kjønn
2 menn og 7 kvinner, og det er kun tilfeldigheter.

Land
- Storbritannia: Agatha Christie, Charles Dickens, Elizabeth C. Gaskell
- USA: Charlaine Harris, Daphne Kalotay, Alyson Noël
- Cuba: Cecilia Samartin
- Danmark: Karen Blixen
- Frankrike: G.G. Musso

Kva eg ikkje har lest?
Eg har ikkje lest Terry Pratchett! Eg kjeme ikkje vidare, og eg lurer på om det er eit nederlag å lesa dei første bøkene på norsk. Kanskje går eg glipp av viktig humor eller informasjon, men eg har så lyst til å lese denne serien, men eg er ein fanatisk kronologisk leser og kan bare ikkje begynna på bok 3 som Ann Helen foreslår. Og ein anna ting: Kun ei bok frå mi bohylle, resten frå biblioteket!

Mål for august
Eg har lest og blogga om Den afrikanske farm, seinast igår faktisk. I Don Quijote har eg begynt på andre bok, hipp hurra. Agatha Christie har ikkje vore den mest leste, men det gjer ingenting.

Mål for september
Knut Hamsun er lesesirkelforfatter, og eg grugleder meg. Eg er fascinert over livet til Hamsun, men har ikkje lest nokre av bøkene, men håper den lille, tynne flisa av ei bok eg nettopp kjøpte på bruktboksal er god å lese.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar