
Men, nå er det ny veke og nye muligheter! Frå og med fredag klokka 15:30 hadde eg påskeferie, og eg koser meg veldig. Det er så deilig å vite at eg skal ikkje på jobb før om 8 dager, og at eg har heile 7 dager (og netter) til å sova lenge, lesa om nettene (for det er heilt normalt!), sjå film og bare kosa meg. Eg og hunden skal gå tur minst ein gong kvar dag, og i morgen skal eg ein etterlengta tur til optikeren, og sjølvsagt blir det ein tur på biblioteket.
Når me snakker om lesing om natta, i natt løsna det for meg og Dickens Our Mutual Friend. Trur eg har lest nærmare 200 sider idag, som betyr at eg er halvveis i boka. Eg har og lest ferdig, eller skumma ferdig, Victor Hugos The Hunchback of Notre-Dame. Omtalen kjem i morgon, men trust me, den blir ikkje blid og koselig. Ha ei god påskeveke, alle saman!
Leste bøker:
- Karen Kingsbury: Loving
- Victor Hugo: The Hunchback of Notre-Dame
- Sarah Blake: The Postmistress
XOXO
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar