Søk i denne bloggen

Laster inn...

mandag 9. juli 2012

Veke 27

Sidan sist har eg vore ein tur i Oslo og Tønsberg, men det er forbausande å innsjå kor lite eg har lest. Grovt oppsummert: 10% av The Old Curiosity Shop, og eit 50 siders kapittel i Den hemmelige historien. Torsdag vart brukt til køyring frå Jæren til Oslo. Var framme ca kl 18, tok inn lasset til søstra mi i leiligheten og fant eit hotell til mor og meg. Fredag morgen hadde me hotellfrokost (elsk!) før me reiste innover til IKEA. Der brukte me store deler av dagen, før me reiste opp til søstra mi og skrudde saman seng, skap og bokhylle. Eg må bare presisere at eg er ein reser med skrujern og bruksanvisning til IKEA-møbler. På egen hånd sjølvsagt, blir irritert om nokon forstyrrer meg. Om kvelden åt me middag på Egon Karl Johan, og der har dei som alltid nydelig mat. Lørdag hadde eg og mor hotellfrokost før me gjekk ned i sentrum. På vegen såg me eit minnesmerke frå krigen (kan legge det ut på facebook om nokon er interessert) og i slottsparken fekk eg for første gong sjå den nydelige statuen av kronprinsesse Märtha (1901-1954). Den fekk kong Harald til sin 70-årsdag i 2007. Vel nede på Karl Johan forvilla eg meg tilfeldigvis (as if!) inn på Tanum, og tok med meg nokre bøker ut igjen. Sidan eg hadde seks bøker stempla ho ikkje fordelskortet, men eg fekk eit rabattkort på 100,- som skal brukes på engelsk litteratur. Skuffande nok har ikkje Tanum filial i nærheten av meg, men eg skal til Oslo igjen i september.
Eg og mor var heilt nede på Operaen og såg, og det er eit mektig bygg. I 15-tiden reiste me til leiligheten til søstra mi, og ein time seinare bar det ut på vegen igjen. Me hadde allerede bestemt at me skulle ikkje køyre heilt heim, og endte opp i Tønsberg, og støtta Olav Thon. Restaurantbesøk, kino (Istid 4 var gøy!) og film på senga, og dermed var den dagen og slutt. Søndag våkna me til overskya, åt frokost, og pakka oss inn i bilen. Mange mil seinare var me heima, og det er ingenting som er så herlig som å sove i eiga seng. Ein fin tur!

Men bare så det er sagt, lesing og reisesyketabletter funker sjelden i bil. Eg som tidlegare ikkje har merka effekten av dei utenom at eg ikkje blir kvalm, vart veldig trøtt av dei.

Leste bøker (02.-08. juli):
- P.D. James: Talking about Detective Fiction

Kjøpte bøker (02.-08. juli):
- F. Scott Fitzgerald: The Great Gatsby (1001-bok)
- Nathaniel Hawthorne: The Scarlet Letter (1001-bok)
- D.H. Lawrence: Lady Chatterley's Lover (1001-bok)
- Rainer Maria Rilke: Letters to a Young Poet
- Bram Stoker: Dracula (1001-bok)
- Evelyn Waugh: Brideshead Revisited (1001-bok)

Motatte bøker:
- David Leviathan: Hver dag (frå Gyldendal)
- Lauren Oliver: Delirium (frå Gyldendal)

Nokon som har lest nokon av bøkene?

XOXO

8 kommentarer:

  1. Kast deg over Hver dag ved første mulighet! Og jeg håper, ber og tror du vil like den, hvis ikke blir jeg beint ut deprimert...! :)

    SvarSlett
  2. Delirum har fått superomtale av amerikanske bloggere. Tror at begge disse bøkene her er bra :)

    SvarSlett
  3. Du kommer i september - hurra!! Jeg har lest Gatsby (gjorde null inntrykk), Scarlet Letter (elsket den!) og Chatterley (hatet). Men gode bokvalg var det enten du liker dem eller ei. Kryss på listen blir det også:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg bestemte meg på veg heim frå Oslo på søndag :-P

      Gatsby har eg nettopp lest (og eiger!), men coveret var fint. Spennande om dine meiningar slår ut hjå meg;-) Kryss på listen er fint, men det spørs når eg får lest de.

      Slett
  4. Det er ikke alltid en får lest så mye når en er på tur :)
    Selv har jeg planlagt lesing på stranden når jeg reiser i neste uke, men av erfaring blir det lite av det der i sanden...

    SvarSlett
    Svar
    1. Av erfaring får eg lest ein del på stranda, men i helga var eg utkøyrt når kvelden kom, og segneferdig i bilen så vart lite lesing.

      Slett