Søk i denne bloggen

søndag 5. august 2012

Bok: "Dracula"

Forfatter: Bram Stoker
Utgitt: 1897
Min utgåve: 2003
Format: Paperback
Forlag: Penguin Classics
Frå: Mi bokhylle (22. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: When Jonathan Harker visits Transylvania to help Count Dracula purchase a London house, he makes horrifying discoveries in his client's castle. Soon afterwards, disturbing incidents unfold in England: an unmanned ship is wrecked; strange puncture marks appear on a young woman's neck; and a lunatic asylum inmate raves about the imminent arrival of his 'Master'. In the ensuing battle of wits between the sinister Count and a determined group of adversaries, Bram Stoker created a masterpiece of the horror genre, probing into questions of identity, sanity and the dark corners of Victorian sexuality and desire.

Då eg skulle velge bøker til Classics-utfordringa og kom til nr. 4 var det Bram Stoker's Dracula som slo meg først. Ei veke seinare vart boka kjøpt på Tanum i Oslo, og påbegynt. Eg er ingen fan av skumle historier, filmer og diverse, og denne boka var intet unntak. Det hjelper ikkje at den er eit mesterverk i sin klasse, for boka skremte meg og kjeda meg.


Dei fire første kapitla var greie. Skumle (slik at det vart ikkje sengelektyre), men greie. Resten av boka må eg innrømme kjeda meg. Brev fram og tilbake er ikkje mi greie, så eg har ikkje fått med meg så mykje av denne boka. Det kan vera at språket gjorde og sitt, så viss du har forslag til ein god norskutgåve av Dracula, så skal eg vurdera å lese boka på ny.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar