Søk i denne bloggen

mandag 6. august 2012

Veke 31

Ingen ferdigleste bøker sist veke, men det er mandag og nye muligheter står for døra. Akkurat nå held eg på med 4 bøker på ei gang, og det er i overkant mykje. Denne veka skal eg prioritera lesing framfor alt anna, og håper at eg blir ferdig med minst ei bok. Eg skal heller ikkje begynne på ei ny før minst to bøker er ferdige! Det kan bli tøft, då eg elsker å begynne på nye bøker.

Men, for å gjera det heile litt spennande vil eg at du skal legga igjen ein kommentar om kvifor ei av dei følgjande bøkene DU trur eg blir ferdig med først. (Viss du ikkje har blogg eg kan kontakte deg gjennom, legg igjen mailadresse!) Den som vinner, eller kjem nærmast, vinner ei bok (lucky you!). Den kjem anten frå mitt lager av bøker eg ikkje vil ha (liste får du på mail om du vinner), eller du kan ønske deg ei valgfri bok (til ein makspris av 150,-). Eg trekker vinner på søndag, og publiserer mandag morgon.

Bøkene som eg held på med:
- Elstad: Hjem (høyrt 3 av 11 CD-er)
- Galsworthy: The Forsyte Saga (lest 227 av 921 sider)
- Levy: Swimming Home (lest 23 %)
- Tolkien: Silmarillion (lest 56 av 309 sider)

XOXO

9 kommentarer:

  1. Åå, eg sleid med å komma igjennom Tolkien sin Silmarillon. Kanskje fordi det var rett itte eg hadde lest Ringenes Herre og Hobbiten. Hobbiten var bare herlig å lese:)
    Kos deg med bøkene. Eg holder med Arven på engelsk, + någen te:)
    Ei uke te ny jobb nå, så eg får nytta tiå godt.
    Snakkes snart:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Silmarillion er fæl, 5 sider...snork! Eg har høyrt Ringenes Herre på lydbok for eit godt år sidan, Hobbiten står i bokhylla og venter til eg er ferdig med Silmarillion.

      Katherine Webbs Arven? Det er i tilfelle ei fin bok:-)

      Slett
    2. Ja det e den boken, har såvidt begynt på den nå:)

      Slett
  2. Jeg har likt alle bøkene du nevner over her. Men jeg håper du blir først ferdig med Forsyte Sagaen. Den historien er så fin :) Ha en fin uke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tilliten! Forsyte-sagaen er ei lang bok, men skal gjer mitt beste. Eg har sett filmatiseringa frå nokon år tilbake, og den var herlig.

      Slett
  3. Så spennende! Jeg har ikke lest noen av disse, men tror du blir først feridg med The Forsyte Saga siden du har kommet et stykke allerede og jeg har hørt det skal være en veldig god bok :)

    Ha en fin uke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ei veldig god bok, men den er lang. Takk for tilliten, så skal eg gjer mitt beste:-)

      Slett
  4. Jeg tipper du blir først ferdig Swimming Home av Levi siden lydbok går saktere enn å lese selv, Silmarillon er treig og Forsyte er lang:-) Lykke til med alle fire!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker! Er faktisk litt spent sjølv nå:-)

      Slett