Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 1. september 2012

Auguststatistikk

Eg er dritlei av alt maset mitt om dårleg leselyst, og frå nå av er det full stopp! Eg trur nemleg at det er ikkje bare lysten sjølv som er årsak til lite leste bøker, men det faktum at eg er altfor flink til å ikkje avslutta bøker eg ikkje syns noko om. Det skal gjeras noko med, men eg er framleis fast bestemt på at Booker-bøkene skal lesas!

Bøkene

6 bøker. August begynte vanvittig bra, så gjekk det sakte nedover.

- Anne Karin Elstad: Hjem
- J.R.R. Tolkien: Silmarillion
- Deborah Levy: Swimming Home
- Alison Moore: The Lighthouse
- Marc Dolan: Bruce Springsteen. Et liv med rock 'n' roll
- Michael Frayn: Skios

Kjønn

3 kvinner og 3 menn. Likestilling!

Land

Storbritannia: Michael Frayn, Alison Moore, J.R.R. Tolkien,
Noreg: Anne Karin Elstad
Sør-Afrika: Deborah Levy
USA: Marc Dolan

Mål for august

3 Booker-bøker, ingen Classics-bøker (det spøker seriøst for den utfordringa!), men mange sider i Forsyte-sagaen.

Mål for september

11. september publiseres Longlist, og før det vil eg lese eit par Booker-bøker til. Det er hovedmålet, men må og finne bøker eg kan kose meg med. For øvrig koser eg meg med Forsyte-sagaen.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Eg synest det er viktig å la lesinga vere lystbetont. Det kjem alltid periodar kor ein har mindre leselyst enn andre, men eg prøver å seie til meg sjølv at det er heilt greit. Mykje av lesegleda blir i alle fall borte for min del, dersom eg gløymer at lesing skal vere kos og hobby og gjer det til plikt.

    (tildegare bai/boklesebloggen)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er heilt sant det du seier. Akkurat nå skulle eg gjerne ha lest Booker-bøker, men lysten sier Forsyte-sagaen, så då vinner den:-)

      Koselig på høyre frå deg.

      Slett