Søk i denne bloggen

tirsdag 4. desember 2012

Bok: "4.50 fra Paddington" (JM #8)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: 4.50 from Paddington
Utgitt: 1957
Min utgåve: 2012
Oversetter: Helge Simonsen
Format: Paperback
Forlag: Aschehoug
Frå: Mi bokhylle (30. bok i 'Off the Shelf')

4.50 frå Paddington er ein av mine personlige Marple-favoritter, og det før eg leste boka! Sjølv om eg er veldig glad i filmatiseringa med Geraldine McEwan i rolla som Jane Marple, skuffer ikkje boka.

Fru Elspeth McGillicuddy sitter på toget frå Paddington til miss Jane Marple. Då to tog sniglekøyrer ved sida av kvarandre blir fru McGillicuddy vitne til eit mord på motgåande tog. Då ho kjem fram til stoppestedet sitt melder ho inn mordet for politiet, men det er få som trur på henne. Saman med miss Marple finner dei ut ved hjelp av kart kvar liket kan ha blitt av. 4.50 frå Paddington handler og om familien Crackenthorpe som plutselig får eit lik i fanget, eller rettere sagt på eigedommen. Ingen kan forklare kven det er, men alle i familien er under mistanke. Lucy Eyelesbarrow blir spurt av Jane Marple om å ta imot hushalderskejobben på Rutherford Hall. Miss Marple vil nemlig ha ein finger med i spelet, og sjølvsagt får ho sagt sitt. Lucy får eit godt forhold til samtlege Crackenthorpe-medlemmar, og alle har kvar sin historie å fortelje.

Då Emma kjem med eit mystisk brev blir liket plutselig til eit familiemedlem, men var det så enkelt? Miss Marple har som regel eit par ekstra ess i ermet, og saman med inspektør Craddock blir mysteriet løyst. Hadde ikkje eg visst kven mordaren var, hadde eg aldri gjetta det, og då er det kjekt å lesa krimgåter.

Som eg har skreve har eg sett filmatiseringa frå 2004, og ITV har gjort endringer, men eg liker begge deler like godt. Til slutt har eg ein liten oversetterglipp frå side 65: "Florence laget alltid de delikateste kaker til teen, sa frøken Marple." Her har det gått litt fort i svingane for Helge Simonsen.

XOXO

PS. Eg har trukke vinneren av Anna Karenina, og Beathes bokhylle er den heldige vinneren. Send meg adressen din er du grei til elidasta(a)gmail.com. På søndag er det ny trekning, og då er det ei flott barnebok som er premien. DS.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar