Søk i denne bloggen

mandag 8. april 2013

Bok: "Bian Shen"

Forfatter: Torbjørn Øverland Amundsen
Utgitt: 2013
Format: Ukorrigert leseeksemplar mottatt frå forlaget, 517 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordring: Off the shelf

Bian Shen er Torbjørn Øverland Amundsens debutroman, og er første bok i ein planlagt trilogi. Boka er lest i forbindelse med Elisabeths samlesning av norsk fantasy.

Arthur er ein gut på nesten fjorten år, men han er ikkje ein vanleg gut. Han er eit av Barna; ei gruppe barn som lever til sin fjortende fødselsdag og så døyr dei og våkner opp i kroppen til ein nyfødd. Barna kan leve i tusener av år, men det einaste dei får behalde frå liv til liv er kjønnet. Er du fødd gut forblir du gut for alltid. Då me først møter Arthur ligger han vaken natta til sin fjortende fødselsdag og venter. Men det som skal skje skjer ikkje. Har han tatt feil dato? Resten av familien som består av mor, far og to småsøstre legger ikkje merke til at noko uvanleg har skjedd. For dei er det bare ein av mange fødselsdager i Arthurs liv.

Då Arthur innser at det kjem ikkje til å skje på fødselsdagen hans sender han ein melding til eit av dei andre Barna, og ho blir like overraska som han. Dette har aldri skjedd før i historien, og begge undrer seg over kva årsaken kan vera. I løpet av sitt liv hjå denne familien har Arthur aldri vore sjuk, men nå blir han både forkjøla og lagt inn på sjukehus grunna dehydrering.

I ein anna del av verda treffer me Nathaniel. Han er ein forsker som har, via satelitter, funnet fram til ein algoritme som kan finne alle menneske i heile verda. Då han tester programmet han har lagt utifrå algoritmen kjem det opp kun 421 treff. Dei utvalde i Rådet forstår at det er Barna Nathaniel får fram i programmet sitt, og ansetter Nathaniel både for å skjerme treffa og finne dei Barna som dei ikkje visste om. Nå følger ein jakt etter spørsmål og svar på kvifor Arthur ikkje døydde då han skulle. Etterkvart finn dei mulige løysingar, men det er nokon der ute som vil ha stadig meir makt, og dei er ikkje redde for å ofre nokre liv.

Bian Shen er ikkje ei type bok eg ville ha plukka med meg. Då Knirk annonserte at Bian Shen var neste samlesningsbok hjå Elisabeth fant eg ut at sidan boka likevel var i hus kunne den jo lesas. Boka er bygd opp av store og små kapitler, har god flyt i språket og Amundsen har skapt eit vidt spekter av karakterer. Mange fantasyforfattere skaper si eiga verd, men Amundsen har tatt kjerringa mot strømmen og bruker vår eiga jordklode. På denne måten er boka meir realistisk i mine auge enn mange andre fantasybøker. Boka er skrevet for ungdom, men kan godt lesas av vaksne. Det som irriterer meg mest med å lese boka som vaksen er at Barna aldri blir meir enn fjorten år. Kor mykje får du eigentleg lov til å gjera når du er mellom 0 og 14 år?

Boka er lettlest (igjen med eit vaksenperspektiv), spenningskurva held stand, og boka anbefales. Eg likte boka såpass godt og vart såpass engasjert at Torbjørn Øverland Amundsen bør skrive så blekket spruter! Tusen takk til Gyldendal for leseeksemplar.

XOXO

6 kommentarer:

  1. Så kjekt at du ble med, og at det fikk deg til å lese ei bok du vanligvis ikke ville plukket med deg. Det er min intensjon med samlesning, mer fantasy til folket! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Eg er ikkje så veldig glad i fantasy, men boka låg nå her ulest;-)

      Slett
  2. Så bra at du likte boka! Jeg synes egentlig ikke den var så lettlest, jeg. Tror jeg har tungt for det. :o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Het fløyt det veldig godt, så lettlest var den hvertfall for meg:-)

      Slett
  3. Hmmm... Jeg brukte nesten uanstendig lang tid på å lese denne, tatt i betraktning at den er mynta på barn/ unge. Grunnen er nok at jeg ikke ble så revet med av historien som det du ble, og det er vel en forutsetning for at sidene skal fyke avsted... Jeg ser helt klart at den har kvaliteter, men den fenget altså ikke meg-
    Bra du likte boka, så kan du glede deg til oppfølgerene!

    SvarSlett
    Svar
    1. Alle skal ikkje vera like, men for min del bør Amundsen skrive så blekket spruter:-)

      Slett