Søk i denne bloggen

lørdag 13. april 2013

Månadens Riverton: "Drømmenes land" (Minnesotatrilogi #1)

Forfatter: Vidar Sundstøl
Utgitt: 2008
Format: Innbundet, 350 sider
Forlag: Tiden
Mål/utfordringer: Riverton/Glassnøkkelen

Vidar Sundstøl er eit forfatternamn som lenge har murra i bakhodet mitt, men som aldri har komt lenger. Då Anette skreiv om boka fekk eg eit spark bak, og den vart med heim frå biblioteket.

Lance Hansen er ein god gammeldags skogspurk frå Minnesota. På grunn av eit anonymt tips om camping på ulovleg grunn snubler Lance over ein naken mann tilsølt av blod. Mannen stikker av, Lance følger etter og snubler over eit lik. Lance Hansen er ein ihuga slektsforsker, og det han ikkje veit om samfunnet ved Lake Superior er ikkje verdt å vite. Med dette som grunnlag kan ikkje Hansen huske om det har nokon gong skjedd eit mord i det lille samfunnet. Sidan den drepte og kameraten hans er norske blir Eirik Nyland frå norsk KRIPOS kalt inn for å bistå i etterforskningen. Omtrent alle i samfunnet har skandinaviske aner, og dei syns det er veldig interessant at ein nordmann har funnet vegen til Lake Superior.

Lance Hansen har status som vitne ved mordet, og er ikkje direkte involvert i etterforskninga. Han undersøker mulighetene for tidligere mord og finner fram til eit mogleg mord omtrent 100 år tidlegare. Med disse to morda som bakteppe har Vidar Sundstøl skrevet ein stillferdig roman, akkurat som hovudpersonen sjølv. Etterkvart blir familien til Hansen involvert, og med gru innser Lance at han veit kven morderen er, og det kan øydelegge familien hans.

Drømmenes land er ikkje ein fort-og-gale-krim, men heller ein krim som går sin gang i eit rolig tempo. Samtidig som mordetterforskninga pågår får me høyre om norskamerikanernes inntog i Minnesota, om eit indianerspøkelse, kanopadlende nordmenn og om to brødre som ikkje har noko særleg til felles. Eg har skumma deler av boka rett og slett fordi eg ikkje er så interessert i norskamerikanernes inntog, og til tider var det vel mykje om temaet. Midtveis i boka følte eg ikkje for å lese resten av trilogien, men med den opne slutten Drømmenes land har må eg nok få has på neste bok. Det var interessant å lese ein krim i det rolige tempoet, og til tider var det faktisk litt skummelt. Vidar Sundstøl vant Rivertonprisen 2008 for boka, og den anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Disse bøkene har jeg tenkt på, og er nok enda etter denne omtalen litt usikker på om jeg vil lese de ... Men jeg er nok mer interessert i norskamerikanerne enn du er, så det er mulig jeg burde lest de! TAkk for flott omtale!
    Ønsker deg en glad dag!
    Pia

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for ros! Eg syns det at vel mykje til tider, og alt hadde på ein måte noko med norskamerikanerne å gjere.

      Slett