Søk i denne bloggen

mandag 13. mai 2013

Månadens Riverton: "Ildmannen"

Forfatter: Torkil Damhaug
Utgitt: 2011
Min utgåve: 2012
Format: Paperback, 494 sider
Forlag: Cappelen Damm
Mål/utfordringer: Riverton/Glassnøkkelen, Off the shelf

Torkil Damhaug har seks romaner på samvittigheten, og Ildmannen er den foreløpig siste i rekkja. Han debuterte i 1996 med romanen Flykt, måne, og har dei seinare åra gitt ut romaner med eit par års mellomrom. Damhaug har studert litteraturvitenskap, antropologi og medisin, og har arbeidd som lege og ved psykiatriske institusjoner.

Ildmannen opner med ein form for prolog som fortel forhistorien til karakteren Khalid Chadar. Han kom til Noreg for å tene penger, og havna etter ei tid på ein gard utanfor Oslo. Khalid hadde ei godt lag med hester, og det var i arbeidet med dei han tente penger. Familien som eigte garden hadde to døtre som budde heima, og Khalid fekk eit godt auge til den eine av dei. Då det vart oppdaga falt det ikkje i god jord, men i prologen kjem det aldri fram kva som eigentleg skjedde. Ifølge norsk lov hadde ikkje Khalid gjort noko galt, men familien valde å avslutte samarbeidet med unge Chadar.

Del 1 starter i april 2003. Stornes gård står i fyr og flamme, og tretti hester brenner inne. Ikkje langt frå Stornes ligger Lillestrøm vidaregåande skule, og her går Karsten ilag med sine kamerater og venninner. Det er russetid, og klassen er i ekstase. Karsten er ikkje noko vidare glad i verken alkohol eller russeoppstyr, men henger greit med. I realiteten er han meir opptatt av lillesøstra Synne som har trukke seg meir og meir vekk frå omverda dei siste månadane. I alt russestyret til Lillestrøm vgs får Karsten uante kjensler for klassevenninna Jasmeen. Ho er norsk-pakistaner, og ein norsk kjærast er totalt utelukka. Likevel klarer ikkje Karsten og Jasmeen å halde seg vekke frå kvarandre. I vekene som går går fleire menneskeliv tapt i voldsomme branner i distriktet, og alle stadene som rammes er knytta til brannstifterens oppvekst. Karsten og klassen får ein ny vikar, ein mann i 20-åra, og Karsten blir knytta til han. Familien til Jasmeen oppdager forholdet mellom dottera og Karsten, og i frykt for hevn blir Karsten leda til ei gruppe som har eit mål: å forsvare vestleg kultur mot de dei anser som den islamske trussel. I denne gruppa befinner og brannstifteren seg, men ingen veit kva han har i gjære.

Omtrent halvvegs i boka hopper historien framover, og me ender opp i april 2011. Synne har flytta på studenthybel, og har det igrunnen ganske greit. Ho har fått publisert dikt i lokalavisa, og er nå på jakt etter hemmeligheter frå fortida. Det er ikkje like lett, og Synne støter på eit par hindringar i vegen. Brannstifteren har vore i utlandet dei siste åra, men er tilbake i Lillestrøm. Då det dukker opp fleire lik blir journalist Dan-Levi og politimann Roar minna om fortida. Brannstifteren bestemmer seg for å gjennomføre ting som han lot gå frå seg før utanlandsopphaldet. Men det skal vise seg at historien er langt meir kompleks enn som så.

Torkil Damhaug mottok Rivertonprisen 2011 for Ildmannen. Kriminalromanen er rosa høgt opp i skyene, og eg hadde høge forventningar. Då eg lukka igjen boka var eg imidlertid ikkje imponert. Historien verker lite troverdig, spesielt det om gruppa som skal forsvare vestleg kultur. Karakterene får eg lite tak på, og historien om eit forhold mellom ein nordmann og ei norsk-pakistansk jente er gammalt nytt. Serieromanforfatter Synnøve Eriksen hadde og ein slik historie i Bergfoss-serien (utgitt mellom 2002 og 2004). Prologen forstyrra heile opplevinga av boka, og eg brukte store deler av tida på å finne ut korleis den hang saman med resten. Hadde eg lest boka for første gong idag hadde eg lest den til slutt eller latt den vere. Likevel er boka kjapt gjort når du først kjem i gang, og med min nysgjerrighet for mennesker og deira forhold seg imellom måtte eg jo lese den ferdig. Om du liker psykologiske thrillere er den perfekt for deg, eg er nok meir glad i den typiske kriminalromanen!

Om du nå, etter min middelmådige oppleving, har lyst til å lese boka vil eg gjerne gi den til deg. Legg igjen ein kommentar (med kontaktinformasjon, har du blogg så finner eg deg) om du er interessert, og er det fleire om beinet blir det loddtrekning. På 17. mai trekker eg ein heldig utvalgt!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Hei! Jeg ønsker å lese denne. Skal på kurs med Damhaug i november. Likte Døden i vann veldig godt. Vil gjerne bli med i trekning.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Damhaug har tydeligvis fleire bein å stå på:-)

      Slett