Søk i denne bloggen

søndag 14. juli 2013

Bøker: "Når villdyret våkner" og "Dr Jekyll og Mr Hyde"

Forfatter: Jack London
Originaltittel: The Call of the Wild
Utgitt: 1903
Denne utgåva: 2010
Oversetter: Sverre S. Amundsen
Format: Lydbok, lest av Kim Haugen, 4t
Forlag: Cappelen Damm
Mål/utfordringer: 1001 bøker, Back to the Classics

Eit par korte lydbøker fram og tilbake frå Haugesund gjer godt både for leselysten og 1001-lista.

Ei av tre bøker Jack London har på 1001-lista er romanen Når villdyret våkner frå 1903. Den blir ofte sett på som ei barnebok fordi hovudpersonen Buck er ein hund, men med den mørke undertonen og diverse vold- og mishandlingsscener må nok barn få rom for diskusjon etter endt lesing. Romanen starter med hovudpersonen Buck som lever eit trygt liv som familiehund. Ein dag blir han stjålet, solgt og blir tatt med til Alaska for å bli sledehund. Buck er ikkje vant til behandlingen og den harde tilværelsen som sledehund, og blir nødt til å tilpassa seg fort. Det harde livet som sledehund gjer at instinktene hans vakner til, og han blir gradvis tøffare. Buck blir seinare solgt til ein trio som køyrer post, og i motsetning til livet som sledehund der han fekk for lite mat får Buck og dei andre hundane for mykje mat hjå posttrioen. På ein av turane treffer trioen og hundane ein erfaren friluftsmann, og etter ei ulukke gjennom isen (der Buck, som den erfarne hunden han blir etterkvart, nekter å bli med på) blir Buck adoptert av friluftsmannen, Thornton. På grunn av eit drap forsvinner Buck inn i villmarka, og blir etterkvart kjent som spøkelseshunden.

Jack London levde omlag eitt år i villmarka der han gjorde research til denne boka. Den er filmatisert fleire gonger; så tidleg som i 1908 (stumfilm), og seinast i 2009. Når villdyret våkner er ei god bok som absolutt fortjener plassen sin på lista. Eg hadde litt problemer med den undervegs då eg ikkje liker å høyre om vald mot dyr, men heldigvis blir det bra til slutt. Skodespelaren Kim Haugen gjorde at boka fekk ein god og behageleg stemme.

The Strange Case of Dr Jekyll and Mr Hyde
Forfatter: Robert Louis Stevenson
Originaltittel: The Strange Case of Dr Jekyll and Mr Hyde
Utgitt: 1886
Denne utgåva: 2010
Oversetter: Nils Håkon Nordberg
Format: Lydbok, lest av Nils Nordberg, 3t
Forlag: Cappelen Damm
Mål/utfordringer: 1001 bøker

Dr Jekyll og Mr Hyde blir saman med Frankenstein og Dracula rekna som topp tre på grøsserfronten. Eg er ingen fan av grøssere, men står dei på lista så må dei få eit kryss. Robert Louis Stevenson har tre andre bøker på lista, og viss dei er av same sort så blir ikkje dei lest midt på natta for å sei det slik.

Romanen handler om advokaten Gabriel John Utterson som etterforsker underlige hendingar ved hans gamle venn, Dr Henry Jekyll, og den onde Edward Hyde. Ei hending som blir snakka om blant Londons innbyggere er då Hyde mishandler ei jente på open gate, blir ilagt bot og betaler med ein sjekk underskrevet av Henry Jekyll. Då advokaten nettopp er blitt kjent med at Hyde er arvingen til Jekyll må han straks finne ut kven denne Hyde er då Utterson mistenker at Hyde driver med utpressing av Jekyll. Det viser seg at Jekyll og Hyde, kor ulike dei enn virker, har meir til felles enn kva lesaren og Utterson skulle ha trudd.

I denne romanen bruker Stevenson mykje dagbok- og brevnotater, og det er med på å drive fortellingen vidare. Dagbokforteljinga var karakteristisk for den viktorianske litteraturen. Romanen kan tolkas på fleire måter, og stoffmisbruk er den mest kjente. I psykologisk samanheng blir romanen brukt i forhold til schizofreni og parallelle liv. Dr Jekyll og Mr Hyde vart sett opp på teater i 1888, og vart særs kjent då ein verkeleg Mr Hyde dukka opp i London, meir kjent som Jack the Ripper. I den norske utgåva frå 1972 har Nils Nordberg skrevet eit forord der han nemner Jack the Ripper, og den same Nordberg (velkjent frå NRK Radioteateret) gjorde ein meget bra jobb med innlesinga. Eg likte romanen, men den er ikkje for sarte sjeler.

XOXO

8 kommentarer:

  1. Husker The Call of the Wild - fantastisk spennende og trist bok erindrer jeg. Et par tiår siden jeg leste den, men Buck husker jeg som igår :) 4t? Det var da kjapt! Kjekt kryss ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig greit når ikkje alle kryssa er feite bøker:-)

      Slett
  2. Ah, Jack London! Nå ble jeg hensatt til tiden da jeg flere av bøkene hans da jeg var ung, særlig de som omhandlet hunder. Så har jeg en bok som jeg ikke klarer å plassere, den var veldig gripende, men jeg kan altså ikke huske om det var London eller en annen. Og det er så irriterende! Kanskje jeg må lese London igjen for å finne ut av det.

    SvarSlett
  3. Jekyll&Hyde, er en historie jeg kjenner godt (det gjør vi vel alle antagelig, da den har gått inn i vårt kollektive arketypiske vokalubar) og Villdyret våkner husker jeg godt. Tror jeg leste den den gang, eller så den på film..

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var interessant å få med meg heile historien til Jekyll & Hyde:-)

      Eg har aldri sett Villdyret på film, men to med White Fang:-)

      Slett
  4. Ahh, jeg elsker Jack Londons hundebøker, eller det vil si jeg elsket, for det begynner jo å bli noen år siden jeg både leste bøkene og så filmer. Karret til med Londons Martin Eden på et bookcrossingmøte for en tid tilbake. Tror de også står på lista.

    SvarSlett
    Svar
    1. Martin Eden står på lista, så den var du heldig med:-)

      Slett