Søk i denne bloggen

lørdag 6. juli 2013

Bok: "Silkehuset"

Forfatter: Anthony Horowitz
Originaltittel: House of Silk
Utgitt: 2011
Denne utgåva: 2013
Oversetter: Kari og Kjell Risvik, MNO
Format: Heftet, 317 sider
Forlag: Juritzen
Mål/utfordringer: Off the shelf

Det du nå skal lese er ganske historisk. Silkehuset er nemleg noko så sjeldent som eit nyskrevet Sherlock Holmes-mysterium. For første gong sidan 1915 har The Arthur Conan Doyle Estate gitt offisiell godkjennelse til ein Holmes-roman. Forfatteren, Anthony Horowitz, har tidlegare hatt suksess med serien om Alex Rider aka Stormbreaker, og har forfattet og skapt serien om kriminalsjef Foyle. I tillegg har han vore delaktig i arbeidet med å bearbeide Christies historier om Poirot til TV, og hatt fingrane på eit par episoder av Midsomer Murders.

Eg har ikkje lest Sherlock Holmes før, så eg har ingen formeining om kva som likner på originalen eller kva som ikkje fungerer. Min omtale er basert på førsteinntrykket av Silkehuset. Dr Watson innehar forteljarstemmen, og historien starter ein novemberkveld i 1890. Watson er på besøk hjå Holmes då kunsthandleren Edmund Carstairs oppsøker 221b Baker Street. Carstairs føler seg trua på livet, og trygler om hjelp frå den kjente detektiven. Motvillig blir Holmes og Watson trukket inn i eit spel de ikkje veit utgangen av; eit spel der Holmes sjølv blir arrestert.

Mysteriet som begynte med ein kunsthandlers bønn om beskyttelse ender med ein oppdagelse så fæl at enkle ord ikkje kan beskriva den. Anthony Horowitz leverer bra, og det er ein roman det er vanskeleg å legge frå seg. Anbefales!

XOXO

3 kommentarer:

  1. Jeg har lenge tenkt at jeg skal lese Sherlock Holmes, så da kan jeg lese denne etterpå for å sammenligne.

    SvarSlett