Søk i denne bloggen

Laster inn...

fredag 23. august 2013

Bok: "Robinson Crusoe"

Robinson Crusoe
Forfatter: Daniel Defoe
Utgitt: 1719
Denne utgåva: 2012
Oversetter: Leif Toklum
Format: Lydbok frå Ordflyt, lest av Per Frisch, 8t23min
Forlag: Cappelen Damm
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Back to the Classics

I sommar var eg på jakt etter nyare titler på 1001-lista. Med andre ord titlar som har blitt gitt ut dei siste 10-15 åra. På biblioteket tok eg med meg nokre titlar langs hyllene, før eg plukka med meg Daniel Defoe. Total bom med tanke på årstal og jakta mi, omtrent 300 år for tidleg. Boka vart dessverre ikkje lest, og vart levert tilbake, men då eg fant den til gratis høyring på Ordflyt var eg ikkje vanskeleg å be.

Robinson Crusoe er ein røverhistorie om ein mann som etter eit forlis bur på ei øde øy i 28 år. Han har lite anna enn det han står og går i, men han er lur nok til å redde utallige ting frå båten han forliste med. I løpet av opphaldet lærer rikmannsguten seg ein del essensielle ting som å bygge seg ein kano, bake brød, og ikkje bli sprø av å vera aleine dag ut og dag inn. Etter 24 år på øya treffer han ein mann Robinson kaller Fredag (fordi Robinson meiner det var fredag då dei traff kvarandre), og fire år etter det blir han redda frå øya. Robinson Crusoe fører ein form for kalender på øya, og skriver dagbok så lenge han har blekk, og det er på denne måten romanen er skrevet.


Mi første oppleving med Robinson Crusoe er eit ekstra-blad saman med vekas Donald Duck, og romanen er ein av dei du må lese før du døyr. Romanen er som sagt skrevet ein del i dagboksform, og det er ein form eg ikkje er komfortabel med. Det blir vel mykje oppramsing til tider, og enkelte gonger verka det som om eg lytta til ei handleliste. Til tross for dette er romanen godt skrevet, og eg trur den er av interesse den dag i dag. Anbefales!

XOXO

4 kommentarer:

  1. Jeg har lurt veldig på hva du fikk ut av denne boka etter jeg fikk høre reaksjonen på starten ;) Godt du fikk en positiv leseropplevelse etterhvert, til tross for dagbokstilen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Den vart betre etterkvart, heldigvis:-)

      Slett
  2. Har ikke lest denne, men kanskje den må havne på min personlige 1001 bøker du må lese før du dør liste til neste år. Takk for tips også var det jo kjekt å få vite litt mer om den:) Det at det er i dagbokstil, må jeg huske:) Ha en fin lørdag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Den er forholdsvis kort, ca 10t med lydbok, og rundt 300 sider i papirform vil eg tippe.

      I like måte, Isabella!

      Slett