Søk i denne bloggen

fredag 4. oktober 2013

Booker-longlist: "TransAtlantic"

Forfatter: Colum McCann
Utgitt: 2013
Format: Ebok, 295 sider
Forlag: Bloomsbury
Mål/utfordringar: Ebookchallenge

Den irske forfatteren Colum McCann er debutant i Booker-samanheng, men har fleire bøker og priser på samvittigheten. TransAtlantic er min første McCann-roman, men det blir ikkje den siste. Romanen var på Bookers longlist, og hadde eg bestemt skulle denne vore på shortlist.

TransAtlantic fortel historien om dei verkelege hendingane om Alcock og Browns første flytur over Atlanteren i 1919, om Frederick Douglass' besøk i Irland i 1845/46, og om senatoren George Mitchells besøk i Irland i 1998 i forbindelse med fredsforhandlingar. Innimellom desse hendingane skriver McCann om fire generasjoner med fiktive kvinner.

Romanen er delt i 3 deler, og første del starter i 1919 med Emily og Lottie Erlich. Dei er mor og dotter, og skribent og fotograf, og skal skrive om Alcock og Browns flytur frå Newfoundland til Irland. Saman med resten av posten fins det eit brev som Emilys mor skreiv i 1845 då ho forlot Irland. Det vil vise seg at det skal ta hundre år før det brevet blir opna. I 1845/46 kjem den mørke slaven Frederick Douglass til Irland for å snakke om sine ideer om demokrati og fred. Hjå verten treffer han hushjelpen Lily Duggan, og ho blir såpass inspirert av den mørke mannen at ho forlater Irland og reiser til New York. Til slutt eit digert hopp fram til 1998 kor senator George Mitchell har meir lyst til å vera heime med si unge kone og vesle son i USA enn på fredsforhandlinger i Irland.

Andre del starter i 1863-69. Lily har skifta etternamn, fått og mista sitt einaste barn, og gifta seg. Med den nye ektemannen har ho flytta, og får etterkvart seks barn. Mannen hennar har eige firma der han tar opp isblokker om vinteren og seljer vidare. Lily får høyre at Frederick Douglass har slutta seg til Lincolns politiske parti, og mister sin mann og to av sønene då ishuset kollapser. Seinare fordeler ho firmaet mellom dei tre gjenværande sønene, og tar med seg dottera til byen. På eit suffragettemøte ser Lily Douglass, men torer ikkje å snakke til ham. I 1929 er det ti år sidan flyturen over Atlanteren, og Emily treffer Teddy Brown over middag. Me får og historien til Emily, og korleis ho fekk dottera Lottie. I 1978 er det Lottie som er i fokus, og barnebarnet hennar, Tomas, bur i kjellaren hjå besteforeldrene. Lottie minnes Arthur Brown, og deltar på dotteras jakthelg.

I tredje del er me i 2011. Lotties dotter, Hannah, savner Tomas og ser tilbake på moras siste dager på jorda. Ho strever med å behalde huset sitt, og husker at Lottie traff George Mitchell ein gong.

Då eg las denne romanen i juli/august tok eg faktisk notater, men innser at eg burde ha skrevet anmeldelse for lenge sidan. Eg likte denne romanen meget godt, og kjem til å lese den om igjen. En syns det er interessant med slektsromaner, og krydra med verkelege hendingar gjer denne boka til ein innertier. McCann har med bravur klart å flette verkeleghet med fiksjon, og det blir ikkje siste gong Colum McCann figurerer på bloggen. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg også ble utrolig betatt av denne boken, han skriver så vakkert at det nesten gjør vondt. Jeg syns likevel at boken tapte seg littegrann etter hvert, og at de siste 100 sidene ble for anonyme - jeg husker nesten ingenting av dem.
    Så supert at du har fått lest så mange av de Bookerpris nominerte bøkene, Elida! Jeg skal få linket alle omtalene dine inn i min oversikt på Bookerpris lesesirkelen på mandag - akkurat nå er jeg i Amerika, og har vært her hele uken. Fra neste uken blir det Bookerpris stoff på bloggen min i mengder, mens vi teller ned til vinneren! Gleder meg! :-)
    PS en av mine døtre har lest Let The Great World Spin og absolutt elsket den. Det blir min neste McCann bok!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg er enig i at boka tapte seg mot slutten.

      Det er helst dei longlist-nominerte eg har lest så langt, men jobber med shortlist-bøkene:-) Sier takk for alle lenker du vil lage:-)

      Let the Great World Spin kjøpte eg i Oslo saman med This Side of Brightness, så det blir mine neste McCann-bøker.

      Slett