Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 3. november 2013

Frå A til Å (Z)

I god bokbloggtradisjon stel eg denne frå Migrating Coconuts, og eg veit Ann Helen blir glad for å lese fleire svar.

Author you've read the most from:
Tredjeplassen går til Agatha Christie med 17 Poirot og Marple-historier; andreplassen går til Charlaine Harris med 11 Sookie Stachouse-romaner; og førsteplassen går til *trommevirvel* amerikanske Karen Kingsbury med 31 leste romaner. I barndom- og ungdomstid las eg mykje kristenlitteratur, og Kingsbury er eit skritt i vaksen retning.

Best sequel ever:
Om det er den beste er usikkert, men i Jørn Lier Horsts Wisting-univers er andreboka meir intens enn førsteboka, og det lover godt for resten av serien.

Currently reading:
Eleanor Cattons The Luminaries, Michael Cunninghams Timene, og Edgar Allan Poe-noveller. Variasjon i kvardagen er fint.

Drink of choice while reading:
Alt og ingenting.

E-reader or physical books:
For å sitere Ole Brumm: Ja, takk, begge deler! Nokre bøker passer best på Kindle, og andre vil eg ha i bokhylla. Eg gir gladeleg opp Kindle'n til fordel for papirbøker, men det å laste ned ei bok umiddelbart etter at du har funnet den er magisk!

Fictional character you probably would have actually dated in high school:
Eg kunne absolutt falt for Marius i Les Miserables. Stå-på-viljen og motet hans er noko å trakta etter.

Glad you gave this book a chance:
Takk og lov for lesesirkler som gir deg sjansen til å oppdage ei perle av ei bok som garantert kjem til å bli lest om igjen fleire gonger! Romanen heiter To Kill a Mockingbird, og den står på lista til å bli ei av dei beste bøkene i 2013.

Hidden gem book:
Då eg oppdaga Elizabeth Gaskell for rundt fem år sidan var eg i himmelen. North and South var ei gøymt perle for meg, og den kjem til å bli lest fleire gonger. Håplaus romantiker, anyone?

Important moment in your reading life:
Eg har aldri lese så mykje på engelsk som etter at eg fekk Kindle'n, og dei siste åra kjøper eg neste utelukkande kun engelskspråkleg litteratur. Men det viktigaste øyeblikket kom då siste bok i Harry Potter-serien vart gitt ut. Det var sommaren 2007, eg kjøpte den på engelsk og gjorde svært lite anna enn å lese dei neste 3 dagane. Den norske utgåva har eg forøvrig og lest, men den engelske vart lest først.

Just finished:
Michael Ondaatjes The English Patient. Den handler om fire mennesker i slutten av andre verdskrig som lever saman i eit forlatt villa i Italia. Alle blir heimsøkt av fortellingen til den namnlause og brente engelske pasienten; ein fortelling om kjærlighet og bedrag.

Kinds of books you won't read:
Bøker med dårleg språk og setningsoppbygging, uinteressante historier og urealistiske karakterer.

Longest book you've read:
Eg såg for meg Anna Karenina eller The Pillars of the Earth, men Les Miserables slår begge. Eg vil lese den om igjen og med god juleferie kan det bli ein realitet.

Major book hangover because of:
Det må vera Kathryn Stocketts Barnepiken. Eg vart fysisk dårleg ved tanken på at det er ikkje lenger sidan enn 40 år at farga mennesker vart behandla så dårleg som i nemnte roman.

Number of bookcases you own:
2 store IKEA-hyller, og likevel har eg igrunnen for liten plass.

One book you've read multiple times:
Charlotte Brontës Jane Eyre. Elsker den historien!

Preferred place to read:
I sofaen, men senga og på kafe fungerer. Lesing på kafe er høgt undervurdert, og eg skulle ynskje at det var lettere å få til i kvardagen.

Quote that inspires you/gives you all the feels from a book you've read:
Isn't it nice to think that tomorrow is a new day with no mistakes in it yet?

Reading regret:
Det er ikkje mange eg angrer på at eg har lest. Om dei ikkje passer heilt så er det likevel noko som var bra med den. Enkelte av Anne Holts krimromaner kunne eg spart meg for om eg må nemna noko.

Series you started and need to finish (all books are out in the series):
Eg held igrunnen ikkje på med noko serie der alle bøkene er ute (håper eg!). Krimseriane til Horst, Adler-Olsen, Läckberg og Schulman kan ha fleire bøker i seg, men Agatha Christie skreiv på ein måte serier ho og, og der kjem det nok ikkje fleire bøker (anna enn nyutgivelser).

Three of your all-time favourite books:
For øyeblikket er det Elizabeth Gaskells North and South, Charlotte Brontës Jane Eyre, og Frances Hodgson Burnetts The Secret Garden. Det er for øvrig bare ein liten del av favorittlasset.

Unapologetic fangirl for:
Det trur eg allereie er dekka. Folkens, les Elizabeth Gaskells North and South!

Very excited for this release more than others:
Det var Donal Ryans nye bok, men den har tikka inn på Kindle'n, så akkurat nå har eg ingen umiddelbare ynskjer.

Worst bookish habit:
Eseløyrer! Eg har blitt betre til å bruke bokmerker, men eseløyrer blir brukt til å markere sider med sitater.

X marks the spot: start at the top left of your shelf and pick up the 27th book:
Karen Blixens Out of Africa.

Your latest book purchase:
Foreløpig teljer eg kun papirbøker på månadsstatistikken, og eg har ikkje kjøpt ei papirbok sidan september. Til neste år må eg vurdera om eg skal ta med Kindle-bøker for på den har det tikka inn ei novellesamling av Alice Munro, ein ny roman frå Nora Roberts (my guilty pleasure!) og den siste til Booker-nominerte Donal Ryan.

Zzz-snatcher book (last book that kept you up WAY late):
Det er sjelden ei bok held meg oppe om nettene, men då eg las The Pillars of the Earth for eit par år sidan vart klokka både 3 og 4 om natta. Lange, lyse sommernetter er fint!

Det var mine svar, har du nokon?

XOXO

1 kommentar:

  1. Denne lista har eg tenkt lenge på at eg òg må skrive opp, men det har ikkje blitt noko (endå). :) Eg liker forresten det nye designet ditt. Kan vere det er eg som er litt treig og ikkje har merka det før no, men det var veldig fint og haustleg. Eg ser du er ferdig med målet ditt om å lese 52 bøker i 2013. Eg òg har det målet, men har framleis tre bøker igjen, så der nådde det i alle fall før meg :D

    SvarSlett