Søk i denne bloggen

Laster inn...

mandag 11. november 2013

Bok: "Den onde arven"

Forfatter: Thomas Enger
Utgitt: 2013
Format: Ukorrigert forhåndseksemplar, 349 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Off the shelf

Den norske forfatteren Thomas Enger har med Den onde arven skrevet sin første ungdomsroman, men forfatteren debuterte i 2010 med romanen Skinndød. Etter den har det kome to krimromaner til i ein frittståande serie på seks bøker om Henning Juul.

Den onde arven fekk eg tilsendt i sommar av Gyldendal, men eg les svært lite ungdomsromaner og den vart liggande i ein haug med andre bøker. Eg har ikkje gjort så mykje innsats i forhold til norske romaner gitt ut i 2013, og har igrunnen erkjent at eg les svært lite norsk. Likevel, denne dagen i oktober, fekk denne vera med i sofaen, og på ein måte angrer eg ikkje på det.

Handlinga konsentrerer seg rundt Julie på 16 år, som bur ilag med bestefaren. Faren har ho aldri sett, og mora er på psykiatrisk institusjon, og Julie har det ikkje så greit i livet. Ein kveld finner ho ein mystisk gjenstand som skal snu opp ned på livet hennar, og det vil aldri bli det same igjen. Enkelte mennesker vil gå langt - veldig langt - for å få kloa i gjenstanden, og Julie gjer sitt beste for å halde seg på beina og bevare sinnsroen.

Det er lenge sidan eg har lest ei bok i eitt strekk, men det er tilfellet med Den onde arven. Den er godt skrevet, plottet er interessant, og eg trur den kjem til å fenge i målgruppa den er tiltenkt. Eg syns den var ein anelse for ekkel, men eg er ikkje noko glad i skrekkfilmer og horrorsjangeren. Det er ein sidevender, og har du først komt inn i den kjem du ikkje ut før siste side er snudd, det var ihvertfall tilfellet med meg. Kapitla er akkurat passe lange (eller korte), og drar deg inn i fleire cliffhangere som du til slutt får svar på.

Tusen takk til Gyldendal for eksemplar.

XOXO

1 kommentar:

  1. Eg les så lite fantasy, og bøkene frå Gyldendal har til no berre teke plass. Har ikkje lese ei einaste av dei eg har fått tilsendt som gåver uanmeldt, så eg trur ikkje eg kjem til å lese boka. Men bra at du likte den!! :) Alltid gøy med bra lesestoff :D

    SvarSlett