Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 24. november 2013

Lesesirkelbok: "Timene"

Forfatter: Michael Cunningham
Utgitt: 1998
Min utgåve: 2003
Format: Heftet, 222 sider
Forlag: Cappelen
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Off the shelf
Anna: Lest i forbindelse med Lines lesesirkel.

Den amerikanske forfatteren Michael Cunningham er ny for meg, og Timene har stått i bokhylla i eit godt år. Eg trur den kjem til å flytte inn i bokhylla for godt for eg har fått sans for Virginia Woolf. Cunningham mottok i 1999 Pulitzer-pris for Timene. Sjølv om eg las ferdig romanen for 14 dager sidan, så klarer eg alltid å bomme på bloggedato. Var såvidt innom Lines bibliotek igår, og fekk nærmast sjokk då eg såg dato for Timene. Eg var sikker på at det var neste veke. Skulle jo ikkje tru at eg hadde kalender!

Timene handler om tre kvinner: Clarissa Vaughn, Laura Brown og Virginia Woolf. Clarissa blir kalt Mrs Dalloway av ein mannleg venn; ho bur i ein flott leilighet med sin kvinnelege samboer og dotter, og bruker dagen til å arrangere eit selskap for sin mannlege venn, Richard. Han har mottatt ein prestisjetung litteraturpris, men han er sjuk av AIDS, og det er usikkert kor lenge han vil halde ut selskapet. Clarissa ville gjerne hatt eit anna litterært namn, men Richard har alltid kalt ho for Mrs Dalloway, og ho tenker at den dagen han ikkje er meir kjem kallenamnet til å forsvinne. Laura Brown treffer me i 1949. Ho er gift, har ein sønn på ca 4 år, gravid med nestemann, og planlegger ektemannens bursdagsselskap. Aller helst vil ho liggje i senga heile dagen, og lese Woolfs roman Mrs Dalloway. Allereie i dei første kapitla ser ein tendenser til at Laura kjem ikkje til å forbli i ekteskapet. Den oppdikta Virginia Woolf har blitt flytta ut frå Londons storbyliv og ut på landet. Her strever ho med å skrive Mrs Dalloway, og det blir ikkje betre av at ektemannen og hushalderska vaktar kvar einaste bevegelse ho tar.

Tidlegare i år las me To the Lighthouse i lesesirkelen, og rett etterpå las eg Mrs Dalloway, ein roman eg likte godt. Eg veit ikkje om det er ein fordel å ha lest den først, men for nokon er det kanskje greit. For meg så spelte det ingen rolle. Timene er ein liten roman med mange lag, og eit par overraskelser along the way. Eg likte best historien om Laura Brown, og det var interessant at akkurat ho dukka opp på slutten. Om romanen er liten i sidetal, så sitter den igjen, og eg veit at den kjem til å bli lest om igjen ved ein seinare anledning. Anbefales!

XOXO

7 kommentarer:

  1. Likte du også boken Elida? Jeg syntes den var OK, men litt langtekkelig. Tror det var kapitlene om Clarissa som gjorde det.

    Som deg likte jeg også best å lese om Mrs Brown, også likte jeg slutten godt, som jeg ikke husket fra filmen.

    Ha en fin kveld :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg kunne godt lest meir, så den var ikkje for lang. Syns den var veldig fin, og med eit flott språk:-) Eg har ikkje sett filmen, men kan godt tenke meg å sjå den.

      Fine kveld!

      Slett
  2. Jeg er overrasket over at du har fått så stor sans for Virginia Woolf, uten at jeg vet hvorfor. Men det er kult! Det var forresten To the Lighthouse, ikke Mrs. Dalloway, vi leste i lesesirkelen, så du skjønner nok hvor Cunningham har hentet ting fra når du leser Mrs. Dalloway. Og det burde du gjøre! En veldig sprudlende bok, og veldig woolfsk. Likte du Timene og Lighthouse, liker du sikkert den også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har fått litt sans for språket, så kjem resten etterkvart;-) Nå har eg redigert innlegget for sjølvsagt var det To the Lighthouse me las i sirkelen, men eg las Mrs Dalloway rett etterpå:-)

      Slett
  3. Jeg pikte denn boka veldig godt. Hans observasjonsvene og evne til å formidle er mesterlig.:) Og det å kunne fåmed så mye på 226 sider, er godt gjort.:) Den har mange lag som du sier, mange ting å tenke på, dvele ved, lære av..

    SvarSlett
    Svar
    1. Formidlingen var flott, og evnen hans til å gjera eit forsøk på å forstå Virginia Woolf er ... har ingen ord;-)

      Slett
  4. Jeg likte også denne boken, selv om den ikke havnet på favorittlisten :)

    SvarSlett