Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 22. desember 2013

Back to the Classics Challenge 2013 - Wrap Up!


27. desember ifjor hadde eg høge ambisjoner. Då publiserte eg bøkene i utfordringa, og meinte sjølv at eg kunne lese Moby Dick, Confessions og War and Peace i det same kalenderåret. Det gjekk ganske greit utover i 2013, men utfordringa vart gløymt til tider. I midten av november tok eg ein sjekk på korleis det låg an, og det stod igrunnen ikkje så bra til. Då hadde eg på grunnlag av den første lista lest to av dei krevde kategoriane. Etter ein sjekk på leste bøker for 2013 bytta eg ut fire bøker, og vart dermed ferdig med dei krevde kategoriane. Lista vart dermed sjåande slik ut:

KATEGORIER:

Krevde kategorier:

  1. A 19th Century Classic (1801-1900): Jane Austen: Northanger Abbey (1818)
  2. A 20th Century Classic (1901-2000): Virginia Woolf: To the Lighthouse (1927)
  3. A Pre-18th or 18th Century Classic (Pre 1701 or 1701-1800): Daniel Defoe: Robinson Crusoe (1719)
  4. A Classic that relates to the African-American Experience (This can be an African-American author, or a book relating to slavery, civil rights, or African-American culture.): Harper Lee: To Kill a Mockingbird (1960)
  5. A Classic Adventure: Jules Verne: Around the World in Eighty Days (1873)
  6. A Classic that prominently features an Animal (This can feature animal characters or animals in the title (real or imagined.): Jack London: Call of the Wild (1903) 
Valfrie kategorier:

A. Re-read a Classic: Elizabeth Gaskell - North and South (1855)
B. A Russian Classic: Lev Tolstoy - War and Peace (1869)
C. A Classical Non-Fiction title: Helen Keller - The Story of My Life (1903)
D. A Classic Children's/Young Adult title: Frances Hodgson Burnett - A Little Princess (1888)
E. Classic Short Stories (Collection must include at least 3 short stories by the same author, or at least 3 stories collected together by genre, time period, etc.): Edgar Allan Poe - The Complete Short Stories (1944)

Sidan eg kun har fullført dei krevde kategoriane får eg ONE ENTRY til premien (forutsatt at norske bokbloggere får premie). Det er ein veldig kjekk utfordring, og det å velge bøker er nesten det kjekkaste. Sarah (som har vore vert tre år på rad) har til neste år funnet ein arvtaker i Karen sidan Sarah har det veldig travelt med studier. I morgen publiserer eg neste års Classic Challenge-liste, det gler eg meg til.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Oi! Dette hørtes ut som en gøy challenge! Mulig jeg blir nødt å være med ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg skal publisere ny utfordring for 2014 i morgen, og neste år er det Karen frå Books and Chocolate som er vert. Det hadde vore veldig kjekt å ha deg med:-)

      Slett