Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 9. februar 2014

Bokhyllelesing 2014: "Jenny" (#1)

Forfatter: Sigrid Undset (1882-1949)
Utgitt: 1911
Min utgåve: 2009
Format: Innbundet, 445 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/ utfordringar: Off the shelf, Nye forfattere

Sigrid Undsets gjennombrotsroman vart kjøpt på Mammutsalet for eit par år tilbake, i den tru at den skulle bli lest med det same. Det vart den imidlertid ikkje, men då Bjørgs bokhylleutfordring vart lansert og valet stod mellom denne og Undsets enorme Kristin Lavransdatter (som og står og tar seg ut i bokhylla), vart valet enkelt.

Jenny er ein klassikar i norsk litteratur, og vakte oppsikt med sin uredde openhet om erotiske forbindelsar (fritt etter omslaget). Jenny Winge er ei ung jente i midten av 20-åra som bur og maler i Italia. Her treffer ho andre skandinaver, og deler rom med Fransiska Jahrmann. Ein kveld møter ho og venninna forskaren Helge Gram, som ho seinare blir forlova med. Då Jenny reiser heim til Noreg får me vite meir om familien hennar; om faren som er død, mora som gifta seg på nytt, om småsøsknene, og om stefaren som vart ein kjær ven for Jenny, men som brått døydde. Jenny treffer etterkvart foreldra til Helge, og får eit varmt forhold til faren, Gert.

Jenny bryter etter ei tid forlovelsen med Helge, innleier eit forhold til hans far, Gert, og blir gravid med hans barn. Ho bryter med han og, og reiser til Tyskland. Då Jenny forstår at ho har svikta både seg sjølv og sine idealer blir ho sin eigen dommar, og tilbake sit ein mann som kom altfor seint.

Språket i utgåva er litt gammaldags, spesielt setningane, men det flyter godt. Jenny har ein god historie, om ikkje så meget original i 2014, så er den god. Likevel har det vore ei lang veke, for eg finner ikkje Jenny så fantastisk som mange andre vil ha det til. Eg syns Jenny er kald og tiltakslaus, og kan overhodet ikkje gjera seg opp ei meining om kven ho vil ha. Ho drøymer om kjærleik, men då den bankar på døra både ein og to gonger avviser ho den. Til slutt står det igjen ein mann som så til de grader vil ha ho, men som to gonger i historien kom for seint. Anbefales den? Om du er opptatt av å lese det beste norsk litteratur har å by på så ja. Er du ute etter ein glødande kjærleikshistorie, så sjå ein anna veg.

XOXO

15 kommentarer:

  1. Hmm.. Har Jenny i hylla jeg også, ved siden av mursteinen Kristin Lavransdatter som deg. Jeg hadde store planer om å lese sistnevnte i bokhylleutfordringen, men har måttet innse at jeg ikke har kapasitet. Jeg har imidlertid Jenny...og kommer til å gi den en sjanse. Men - jeg når det dessverre ikke til bokhyllelesinga. Spesielt ikke nå som jeg plukket med meg en 525 siders bio om Anne Boleyn som skal være ferdiglest ila ei uke... Jeg er ikke på jakt etter en glødende kjærlighetshistorie med Jenny, så kanskje passer den for meg? Nå ble jeg faktisk ganske så nysgjerrig :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kristin Lavransdatter skal leses, men i bokhylleutfordringa hadde eg ikkje sjanse i havet. Eg skal begynne på ein biografi om dronning Margrethe, men om det slår feil skriver eg nokre ord om prinsesse Astrid, for den biografien har eg lest tidlegare;-)

      Håper du finner tid til Jenny, hadde vore kjekt med fleire anmeldelser:-)

      Slett
  2. Kanskje jeg skal lese denne en gang, jeg liker klassikere. God helg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Klassikerstempelet er den vel verdt. God helg!

      Slett
  3. Selv ble jeg veldig glad i denne: og skjønner godt at Jenny takker nei til den kjærligheten hun blir tilbydd - er det ikke ekte, så er det ikke ekte. Tror den litt dempede formen for kjærlighetshistorie er noe som passer meg veldig godt.

    Men, en ting skremmer meg litt. Ser at din versjon er 445 sider lang, mens min bare er på 255. Håper virkelig din er skrevet med monsterstor skrift, eller har bittesmå sider. Jeg nekter å tro at min utgave er forkorta. Grøss.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har ein liten utgåve frå Aschehougs bibliotek (som serien heiter) med bibelsider og gullfarge:-) Eg er ikkje så glad i neddempa kjærleik merker eg;-)

      Slett
  4. Denne har eg og hatt i hylla sidan eit mammutsal (sikkert det same). Eg må satse på å få lest ho i år.

    SvarSlett
    Svar
    1. Kan godt vera det same mammutsalet, den har stått i hylla i nærmare tre år tenkjer eg. Håper du får lest den, vil gjerne lese fleire anmeldelser av den:-)

      Slett
  5. Jeg likte Jenny veldig godt da jeg leste den, Huske enda stemningen, og gatene , stedene i Roma..

    SvarSlett
  6. Hæ!? Likte du ikkje Jenny? Eg blir jo heilt forelska i 1920-talet og får lyst til å kjøpe ein tidsmaskin og reise til Roma og leve som profesjonell bohem, kvar gong eg les denne boka. Sukk... At ho avviser desse håplause mennene, skjønner eg godt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er forelska i 1920-talets klesstil, men Jenny passa meg ikkje. Om mennene er aldri så håplause så står eg for det eg har skrevet:-)

      Slett
    2. Eg skal ikkje tvinge deg til å skifte standpunkt, altså, det ville ikkje tatt seg ut. :)

      Slett
  7. "Jenny" leste jeg for mange år siden og likte den godt. Synes måten Undset fikk frem Jennys tanker og tvil er så bra :)

    SvarSlett