Søk i denne bloggen

onsdag 12. februar 2014

Bok: "Fugl"

Forfatter: Lisa Aisato
Utgitt: 2013
Format: Innbundet, 16 sider
Forlag: Gyldendal

Eg har likt forfatter og illustratør Lisa Aisato sidan eg las Mine to oldemødre for fire-fem år sidan. Måten ho bruker teikningane sine på gjer at teksten blir ekstra i bøkene, og gjer at bøkene blir meget spesielle. I ettertid har eg og beundra bøkene om trollet Tambar (skrevne av Tor Åge Bringsværd) som Aisato har illustrert. Fugl er lest i forbindelse med Bokbloggerprisens samlesning.

Fugl handler om ei jente som har eit spesielt ynskje. Ho ynskjer å bli fugl, men det er ikkje så lett. Ikkje har ho fugleføtter, fjær og nebb, og ikkje kan ho fly. Likevel ser ho lengselsfullt opp mot fuglane når dei fyker, og bursdagsynskjet er å bli fugl. Det første året skjer det ingenting, og jenta må nok ein gong overleve ein kald vinter, men i løpet av det neste året skjer det merkelege ting med jenta.

I Fugl er det lite tekst og store bilete. Teksten blir fleire gonger tilsidesatt fordi biletet gir deg mykje. Eg har lest den for ungane mine på jobb (alder 3-6 år), og spesielt dei eldste fant den fascinerande. Eg lånte den på biblioteket, men har gløymt å ta den med heim frå jobb, og det er ein genistrek i seg sjølv. Dei eldste har spurt etter den, og det syns eg er gøy. Då eg las den for dei endte det i ein runde med ynskjer som dei hadde, og korleis me kunne oppnå det.

Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Ahh, dette er den første omtalen jeg har lest der noen faktisk har testet den på barn, på målgruppa. Vi andre bare gjetter og synser og bringer vår voksenpsyke inn i bildene.
    Det ante meg vel at den kanskje passet bedre for de på 6 enn de aller minste, men jeg planlegger likevel å gi den i gave til en ettåring - så får mora styre og han kan bok - i mange mange år -)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er nå hvertfall mi meining, men eg kan og godt gi den vekk i gave til hvilken som helst alder, også får det vera opp til foreldra å lese og tolke den:-)

      Slett