Søk i denne bloggen

søndag 4. mai 2014

Langhelg må utnyttas

I helga har eg og lillebror (som teknisk sett er 20 år og 7 cm høgare enn meg) vore i Oslo og besøkt lillesøster (på nesten 25). Me har vore på museer (Forsvarsmuseet og Teknisk museum), vore i Holmenkollen og Vigelandsparken, åte middag ute, og hatt det generelt veldig greit. Som alltid bur eg på Hotell Bristol i Kristian IV's gate, og det er like herleg kvar gong.

Ein intern spøk i denne trioen på tur (og i familien) er at eg trenger ikkje fleire bøker. Bror min hevder kvar gong me er ute i lag at sjølvsagt har han hyrt inn sikkerhetsvakter utanfor kvar bokhandel. Likevel fekk eg innvilga besøk både hjå Norli Universitetsgata og Tanum Karl Johan.

Nå er det back to reality, og eg er heima igjen. Herleg å vera vekke, men eins eiga seng er som regel best.

To Siri Hustvedt-bøker
To meget nye bøker av kjente MBP-vinnere
Håper dykk har hatt ei kjekk og grei helg.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Høres ut som dere har hatt en fin tur og litt bøker må være lov å kjøpe når man er på tur. Jeg har lest " Sommeren uten menn" og kunne tenkt meg og lest den siste boken hennes også. Ønsker deg en fin kveld,Elida :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det med bokkjøping syns ikkje søskna mine er nødvendig. Til mitt forsvar har eg funne ut at eg kjøper mykje mindre bøker enn mange andre, og at eg bruker biblioteket veldig flittig:-)

      Fine kveld til deg og, Beathe!

      Slett