Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 31. mai 2014

Maistatistikk

Mai har i grunnen vart veldig lenge, men så har det skjedd ein del. Eg har vore ein tur i Oslo, hatt fleire dager fri slik utanom det vanlege, og til tider har det vore vanvittig fint ver. Dei siste dagane fant eg og ein kur mot manglande leselyst: Hiv vekk alt som øydeleggjer leselysta og ta fram det sterkaste kortet. I mitt tilfelle er det krimbøker.

Bøkene eg har vore borti

Leselysta har vore opp og ner, men eg har kome gjennom 6 bøker. I tillegg har eg ein del påbegynte, men på nærmare 3 dager las eg 2 krimbøker, og det er mitt sterkaste kort mot manglande leselyst.

* Nora Roberts: Heaven and Earth (Three Sisters Island #2) (ferdighøyrt)
* Tamara McKinley: The Ocean Child (ferdiglest)
* Nora Roberts: Face the Fire (Three Sisters Island #3) (ferdighøyrt)
* Erich Maria Remarque: Intet nytt fra Vestfronten (ferdiglest)
* Jørn Lier Horst: Bunnfall (WW #6) (ferdiglest)
* Jørn Lier Horst: Vinterstengt (WW #7) (ferdiglest)
* Jane Austen: Mansfield Park (påbegynt)
* Unni Lindell: Slangebæreren (påbegynt)
* Sadie Jones: Fallout (påbegynt, men venter på inspirasjon)
* Michael Cunningham: The Snow Queen (påbegynt, men venter på inspirasjon)
* Siri Hustvedt: Sommeren uten menn (påbegynt og satt tilbake i bokhylla)
* Hermann Hesse: Steppeulven (påbegynt og satt tilbake i bokhylla)

Ein shopoholikers bekjennelser

Første helga denne månaden var eg og lillebror i Oslo, og eg fekk aller nødigst tilgang til to bokhandlere. Hadde eg vore aleine den stunda i bokhandelen hadde det nok landa meir i posen kjenner eg meg rett.

* Julian Barnes: Levels of Life (Vintage)
* J.M. Coetzee: The Childhood of Jesus (Vintage)
* Siri Hustvedt: Denne flammende verden (Aschehoug)
* Siri Hustvedt: Sommeren uten menn (Aschehoug)

I dag har eg vore ein tur på Sandnes, og sidan Silje for få dagar sidan annonserte at ho skulle ha prosjekt Siri Hustvedt så ga det meg ei unnskyldning til å hamstre nevnte forfatters bøker. Nå har eg ikkje mindre enn 5 uleste Hustvedt-bøker i hus, så eg er klar når du er, Silje.

* Per Egil Hegge: Ridende rytter til hest (Kagge 2010)
* Siri Husvedt: Det jeg elsket (Aschehoug 2012)
* Siri Hustvedt: Med bind for øynene (Aschehoug 2012)
* Siri Hustvedt: Når du ser meg (Aschehoug 2012)

Status lesemål

1 1001-bok, 2 krim, 1 ny forfatter, 2 off the shelf.

Mål for juni

Eg skal ha ferie i midten av juni, og då ynskjer eg meg fint ver, og masse leselyst!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Fin oppsummering:-) Godt råd du kommer med der, stopper det opp med lesingen kan det være like greit å bare plukke opp en annen bok og håpe på at leselysten kommer tilbake.. Håper du har hatt en fin lesemåned så langt og nå er kanskje ferien i gang også?

    SvarSlett
    Svar
    1. Akkurat nå er krimbøker svaret på alt. Eg var i Sverige pinsehelga, og Kindle'n var full av lått og løye, men det var krimboka til Henning Mankell som vart lest ;-)

      Ferien er i gang, og det er vanvittig deilig. Eg skal ha to veker nå, også skal eg to veker på jobb også to veker ferie igjen. Drar den ut og gjer som eg vil;-)

      Slett