Søk i denne bloggen

torsdag 29. mai 2014

Bok: "Vinterstengt" (William Wisting #7)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2011
Min utgåve: 2012
Format: Heftet, 328 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Krim, Off the shelf

Det går fort i svingane når eg bestemmer meg for korleis eg skal kurera manglande leselyst. Fridag og liksom-søndag blir ein utmerka lesedag. For andre året på rad var Jørn Lier Horst nominert til Rivertonprisen, men denne gongen gjekk den til Torkil Damhaug med Ildmannen.

Det har gått tre månader sidan forrige bok, Bunnfall, og William Wisting er tilbake på jobb etter ei lengre sjukemelding. Han har i løpet av perioden lært at han ikkje er uunnværlig, at andre kan ta på seg ansvar og han føler seg betre og meir opplagt. Vinterstengt begynner sakte, men sikkert med ein mann som er på veg til hytta si for å stenge for vinteren. Då han kjem til hytta oppdager han at døra er brutt opp, og verdigjenstander er stjålet. I nabohytta lyser det, og Ove Bakkerud går ner for å sjå etter folk. Då han kjem ner til nabohytta er den og brutt opp, men forskjellen er at det er blod langs dørkarmen. Bakkerud ringer politiet, og sirkuset er i gang.

Etterkvart blir det klart at austeuropeere står bak innbrudda, men det er lettere sagt enn gjort å få fatt i dei når det dukker opp lik omtrent overalt. William Wisting tar seg og ein tur til Vilnius i Litauen for å leite etter gjerningsmenn. Dottera til Wisting, Line, har ei framtredande rolle og ho stikker nasen fram meir enn ei gong. Det har og kome ein ny mann i teamet, Benjamin Fjeld, og det blir interessant å vite om han får fortsette i neste bok. Det er mykje utmerka politiarbeid i denne boka, og det er tydeleg at Jørn Lier Horst kan dette faget når me får servert spaningsmeldinger midt i boka. Det var nesten som om eg kunne sjå det føre meg. Wisting og teamet finner fram til løysinga i ein actionfylt slutt. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg MÅ i gang med denne serien jeg, og det ganske snart. Jeg har hamstret flere krimserier som jeg ikke har begynt å lese enda, men en fra eller til liksom... bare at denne kommer jeg til å begynne på ganske så snart.Tror ikke jeg vet om noen som ikke har likt disse bøkene..

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje noko å tenke på, begynn i dag!

      Slett