Søk i denne bloggen

Laster inn...

mandag 14. juli 2014

Bok: "Oscar Waos korte, makeløse liv"

Foto: Cappelen Damm
Forfatter: Junot Díaz (f. 1968)
Originaltittel: The Brief Wondrous Life of Oscar Wao
Utgitt: 2007
Min utgåve: 2010
Oversetter: Hege Hammer og Henning Hagerup
Format: Heftet, 313 sider
Forlag: Cappelen Damm
Mål/utfordringar: 1001 bøker, off the shelf, nye forfattere

Den dominikanske forfatteren Junot Díaz er eit nytt bekjentskap, men om fleire av bøkene hans er som Oscar Waos korte, makeløse liv kan det fort bli eit interessant bekjentskap. For eit par veke sidan fekk eg ei korg av ei tante, og den har eg fyllt med 1001-bøker. Det er eit håp om at eg framover skal velje bøker derfra. Ved første forsøk vant Diaz fordi det står familiesaga bakpå boka, og eg er frykteleg svak for familiesagaer.

I Oscar Waos korte, makeløse liv blir me kjent med Oscar, systera Lola og mora Belicia. Boka er delt i tre deler og spenner seg frå Santo Domingo til New Jersey. I tillegg til Oscars historie reiser me tilbake i tid og får høyre om mor Belicias historie, og historien til faren hennar igjen. Forteljarstemmen veksler mellom systera Lola og Oscars romkamerat frå college, Adrian, og det kan til tider vera litt masete.

Sidan det er ei stund sidan eg leste boka huskar eg ikkje spesifikke detaljer, men boka gir eit innblikk i den politiske historien til Den dominikanske republikk. Familiehistoriane er såre, men skjønne, boka går godt framover, og den vart meir enn bare eit kryss på 1001-lista. I 2008 mottok Junot Díaz Pulitzers fiksjonspris for denne boka. Anbefales!

Andre som har skrevet om den: Ann Helen, Tulleruska.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar