Søk i denne bloggen

søndag 31. august 2014

Auguststatistikk

Søndag morgon. Eg gløtta akkurat bort på kalenderen, og oppdaga at månadsinnlegget må ut. Eg burde jo ha visst dette frå eg stod opp sidan det er årsdagen for prinsesse Dianas død (rojalist på min hals). Uansett så har august vore ein meget grei månad. Det er travelt å starte opp igjen med jobb på ny avdeling, og attpåtil på småbarnsavdeling. Eg har likevel fått lest ein del, og det er eg fornøgd med. Blogginga går det så som så med, eg har fleire bøker eg ikkje har blogga om, men det er ikkje alle eg kjenner eg må blogge om. Mogleg eg tar eit res gjennom bøkene i ein ganske basic way.

Bøkene eg har vore borti

Eg leser i hytt og vær som alltid, klarer aldri å halde meg til ein sjanger. Krimseriane er mest for underhaldninga, eg prøver å kome ajour med to damer som har vore på lista mi alt for lenge. Elles går det i all hovudsak i Booker-prisen. Eg skal gjera eit heiderleg forsøk på å kome gjennom ein del bøker før 9. september. Akkurat nå går det litt trått, men eg mister motivasjonen i øyeblikk, og leser igrunnen betre når eg veit med sikkerhet at vinnaren er ein av dei eg les på. Det er ei lita veke til shortlist, og då er det kun dager til bloggtreffet. Gleder meg veldig, og håper eg ser fleire av dykk der.

* Unni Lindell: Sørgekåpen (CI #3) (ferdiglest)
* Siri Husvedt: Denne flammende verden (ferdiglest)
* Karin Fossum: Den som frykter ulven (KS #3) (ferdighøyrt)
* Paul Johnson: Churchill (ferdiglest)
* Karin Fossum: Djevelen holder lyset (KS #4) (ferdiglest)
* Neel Mukherjee: The Lives of Others (ferdiglest)
* Jens O. Simensen, Dagfinn og Mona Enerly: Veien videre (ferdiglest)
* Arundhati Roy: Guden for små ting (ferdiglest)
* Nora Roberts: Chasing Fire (ferdighøyrt)
* Synnøve Eriksen: Lykkeland (Jordbærdamene #1) (ferdiglest)
* Niall Williams: History of the Rain (påbegynt)
* Joseph O'Neill: The Dog (påbegynt)
* Bernhard Schlink: The Reader (påbegynt)
* Donna Tartt: The Goldfinch (påbegynt)
* Unni Lindell: Nattsøsteren (CI #4) (påbegynt)
* George R.R. Martin: The Clash of Kings (A Song of Ice and Fire #2) (forkastet)

Ein shopoholikers bekjennelser

Det å halde seg vekke frå bokhandelen fungerer ikkje, men det ser ikkje så galt ut denne månaden. Eg har for første gong på nærmare ti år starta på ein serie (og det er attpåtil av samme forfatter eg kjøpte forrige serie av). Elles har eg kjøpt fleire Salman Rushdie, så det lover godt for Booker-lista mi.

* Synnøve Eriksen: Lykkeland (Jordbærdamene #1)
* Synnøve Eriksen: Tornekratt (Jordbærdamene #2)
* Alice Munro: Noveller i utvalg (Gyldendal)
* Agnes Ravatn: Fugletribunalet (Samlaget)
* Salman Rushdie: Grunnen under hennes føtter (Aschehoug)
* Salman Rushdie: Sataniske vers (Aschehoug)

Status lesemål

3 krim, 3 off the shelf, 3 Booker-bøker, 1 off the shelf.

Mål for september

Lese masse!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg tror jeg skal ha samme mål for september som deg! :-)
    Jeg gleder meg til å se deg på Bokbloggertreffet. Hvis du skal bo samme sted som sist så kan vi kanskje spise frokost sammen? Jeg kommer fredag og blir til søndag (sammen med mannen min). Ønsker deg en fin søndag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det går litt trått til tider med lesinga, også hadde eg igrunnen ikkje tanke for nokon mål for september, men lese masse kan eg alltid få til.

      Gler meg til å sjå deg og. Eg bur på Bristol i år som i fjor. Eg kjem seint fredag ettermiddag, og reiser søndag ettermiddag. Eg er veldig morgonfugl på hotell, så får sjå på det :-)

      Slett