Søk i denne bloggen

lørdag 2. august 2014

Bok: "Sørgekåpen" (Cato Isaksen #3)

Forfatter: Unni Lindell
Utgitt: 2000
Format: Ebok, 347 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringar: Krim, nye forfattere

Unni Lindell har funnet oppskriften. Med tredje bok om Cato Isaksen, Sørgekåpen, er min begeistring total. Seinare denne månaden kjem tiende bok om politietterforskeren ut, men før den blir lest skal eg lese dei andre bøkene i serien. I denne omgang har Lindell klart kunstykket å hoppe etter ei vinnarbok.

Problemene frå Drømmefangeren har lagt seg. Familielivet til Isaksen har roa seg, og det er eit nytt år. I byrjinga av januar blir Cato Isaksen ringt etter i forbindelse med ein drapssak. Den drepte er ei ung kvinne som bur aleine i Oslo. Det viser seg at kvinna har ein valdeleg eksmann og ein liten son som bur hjå foreldra hennar. I byrjinga av etterforskinga flyter ting veldig greit, og eksmannen blir etter om og men kalt inn på teppet. Etterkvart viser det seg at saken er meir komplisert enn først antatt. Den drepte har ein forhistorie med venner i barndommen, historier som ikkje nødvendigvis er så rosenrøde. Tida går, og nye momenter dukker ikkje opp, før det plutseleg eskalerer i stor fart. Nå gjelder det å få farten opp for Cato Isaksen og teamet før det er for seint!

Sørgekåpen byrja eg så smått på på eit hotellrom i Trondheim, også vart den liggjande på ebokbib-appen då Booker-bøkene sneik seg fram i køen. Med ca 200 sider lest på ein dag seier det seg sjølv at boka er drivande fortalt, og det er ein sidevender utan sidestykke. Når forfatteren i tillegg lar lesaren vita meir enn politiet gjer så sitter du til slutt på nåler, og ber politiet tynt om å skunde seg. Dette med tid er og verdt å nemne. I dei nyare kriminalbøkene går det ofte veldig fort. Det kan ta ei veke frå drapet er begått til gjerningsmannen er fakka, bevis og diverse blir fort behandla, og det verker som om politiet har alle moglege hjelpemidler. I Unni Lindells tre første kriminalromaner kan det fort ta eit halvt år før gjerningsmannen er identifisert, og det er litt deilig å lese. Om det kjem til å gå fortare i dei neste bøkene om Cato Isaksen er uvisst, men eg er ennå ikkje ferdig med denne mannen. Anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar