Utgitt: 1985
Min utgåve: 2012
Format: Lydbok lest av Claire Danes, 11t
Forlag: Audible Inc (Vintage)
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Off the shelf, Nye forfattere
Den canadiske forfatteren Margaret Atwood er eit nytt bekjentskap, men det betyr ikkje at namnet er nytt. Det har surra i hovudet mitt i årevis, og surra veldig mykje då The Handmaid's Tale var oktober-bok i Lines lesesirkel i fjor. Atwood blir og ofte nemnt når kandidater til Nobels litteraturpris vurderes. Margaret Atwood er kjent i mange samanhenger, men det er romanane som ho er mest kjent for. Til nå har ho skreve 14 stykker. I desember skal Lines lesesirkel lese Alias Grace, og sidan eg les Booker-bøker blir det eit par til på meg. Utanom The Handmaid's Tale som var på shortlist i 1986 har Atwood mottatt prisen i 2000, og vore på shortlist tre gonger til. Samanlikner eg med 1001-lista har Atwood seks bøker på den så med andre ord blir det meir Atwood.

Mitt første møte med Margaret Atwood er ikkje galt. Eg har humra og ledd, himla med augene over ting som for meg er normalt, og eg har muligens og frest litt for Offreds manglande fridom til å gjera som ho vil. Atwood skriver bra, og skodespelaren Claire Danes leser bra. Eg kjenner at eg liker lydbøker som skodespelarar les fordi dei veit ein del om opplesing og stemmeleie. Anbefales!
XOXO
Denne boka er på min Topp 20 liste :) Så glad hver gang noen oppdager boka - og liker den!
SvarSlettSå kjekt å høyra :-)
SlettKjekk bok! Omtalen din minner meg på at jeg har flere Atwood-bøker i hylla. Hun har en snedig skrivestil, og jeg likte virkelig den stillferdige Offred - som har litt Jane Eyre rebell i seg :-)
SvarSlettEg har ei Atwood-bok som skal leses i desember, og må nok få tak i fleire. Morsomt at du nemner Jane Eyre, og når du seier det så slår det meg og :-)
Slett