Søk i denne bloggen

lørdag 11. oktober 2014

Bok: "The Color Purple"

Forfatter: Alice Walker (f. 1944)
Utgitt: 1982
Min utgåve: 2009
Format: Lydbok lest av forfatteren, 8t3min
Forlag: Recorded Books
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Nye forfattere

Alice Walker er eit ubeskrevet blad på denne bloggen, og eg kom over romanen då eg leita etter 1001 bøker hjå Audible for å bruke opp credits. I 1983 vart Alice Walker den fyrste afrikansk-amerikanske kvinna til å vinne Pulitzerprisen for fiksjon, og vant same året National Book Award for fiksjon. Alice Walker har sjølv lest inn romanen, og det syns eg var eit utmerka sjakktrekk.

The Color Purple handler om fattige Celie, og føregår det meste av tida i landsens Georgia, USA. Celie har blitt trykt ned av menn heile sitt liv; frå han som ho trur er faren til mannen ho gifter seg med. "Faren" Alphonse slår og voldtar ho, og barna ho blir gravid med via Alphonse blir raskt tatt vekk frå Celie. Mora døyr etter å ha forbanna Celie på dødsleiet. Då Mr. (som er kallenamnet hans gjennom heile boka) kjem til Alphonse og vil gifte seg med systera til Celie, Nettie, tilbyr Alphonse heller fram Celie. Utan at Celie nødvendigvis vil gifte seg som fjortenåring, blir det slik, og Celie flytter inn til Mr. og barna hans. Nettie rømmer etter kort tid frå faren, søker tilflukt hjå Celie og Mr. før han gjer seksuelle tilnærmingar overfor ho. Nettie fortset då reisen sin, og ender opp i Afrika saman med eit misjonærektepar. Utan at dei er klar over det er dei foreldra til Celies to barn.

Før Nettie reiser lover ho å skrive til Celie, men breva uteblir og Celie konkluderer med at systera er død. Ekteskapet er dårleg, og Celie er dårleg likt av både ektemannen og barna hans. Etter som barna veks opp flytter dei ut, og sonen Harpo er den me får høyra mest om. Han gifter seg med Sofia, og dei får seks barn i rask rekkefølge. Ein dag kjem Mr. heim med si mangeårige elskerinne, Shug Avery. Ho er alvorleg sjuk, og Celie blir den som steller og pleier ho. Då Sofia tek med seg barna og forlater Harpo opner han ein nattklubb i låven. Shug, som etter omsorgsfull pleie har friskna til, synger kvar kveld i nattklubben. Celie og Shug har utvikla eit nært forhold, og etter Celies innrømmelser om at Mr. (som me får vite heiter Albert) slår ho, blir Shug verande i huset. Celie fortel om dei manglande breva, og Shug kan fortelje at det har kome utanlandske brev til huset i årevis. Damene finner breva i Alberts bil, og Celie kan endeleg lese breva frå systera.


Celie har etter mange år gått lei av Alberts oppførsel, og forlater han. Ho livnærer seg som skredder i Tennessee, og gjer det veldig bra. Etter ei tid får Celie høyre at Albert har forandra seg, og treffer han igjen. Han har innsett kor dårleg han behandla Celie, og frir til ho, denne gongen vil han gifte seg både utav hjerte og kropp. Celie avslår frieriet. Alphonse døyr plutseleg, og etterlater eigedomen sin til Celie, Ho flytter inn, og etter tredve år kjem Nettie tilbake til systera.

The Color Purple var ei sterk bok å høyre på, og det vart endå sterkare med Alice Walkers stemme. Då vart det meir verkeleg, og det er det luraste utgjevaren har gjort med romanen. The Color Purple er innom fleire tema, slik som mishandling mellom ektefeller, lesbiske forhold, rasisme og kjønnsdiskriminering. Romanen er skrevet i brevform. Kapitla starter med Dear God, Dear Celie og Dear Nettie, og Walker understreker med dette makten i eit godt skrevet brev. I mange år er brevene stemmen til Celie, og ho kan skrive ned alle sine tanker og kjensler utan at nokon kan ta frå ho stemmen. Anbefales varmt!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Denne har jeg vurdert å lese flere ganger (1001bok and all), men aldri kommet så langt. Nå noterer jeg meg den som et lydbokalternativ i stedet. Helt perfekt at audible har den.

    SvarSlett
    Svar
    1. Og det er veldig fint at Alice Walker les den sjølv. Håper du tar tak i den ein dag:-)

      Slett